Sigurd Eikje og Annbjørg Lunde lovar at alle synspunkt i undersøkingane blir tatt på alvor og jobba vidare med. Resultata skal vise igjen i den nye planen for helse og mestring.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Annbjørg Lunde. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

NYHENDE

Denne sjansen kan du ikkje la gå frå deg: Dei vil ha di meining

I eit unikt samarbeid mellom kommunen og lokalavisa vil ein nå kartlegge innbyggarane sine forventningar til framtida, basert på nåtida.

– Dette er heilt nytt for oss, og noko me har store forventningar til. Det å kunne kommunisere med våre innbyggarar på denne måten har me ikkje kunne gjort før. Fram til jul skal me ha fem tema, som alle blir belyst gjennom reportasjar i Tysvær Bygdeblad. Kvar fredag vil det komme opp nye spørsmål som me ønsker at folk svarer på. Desse svara skal gi oss ein peikepinn på kva som fungerer, og kva me må ta tak i. Så nå får innbyggarane ei direkte og unik mulegheit til å vere med å forme framtidas Tysvær, seier rådmann Sigurd Eikje.
Saman med Annbjørg Lunde, kommunalsjef helse og mestring, Ann-Kristin Berge Dahle, folkehelsekoordinator og redaktøren i Bygdebladet har ein nå plukka ut fem tema, som ein ønsker å få svar på.

På alvor
Først av alt så vil me gjere det heilt klart at dette er noko me skal ta på største alvor. Det som kjem inn av svar skal behandlast som innspel me skal ta vidare til dei utval som jobbar direkte med dette. Me har tidlegare vore fysisk synlege på temadagar og på Tysværdagen. Men nå håper me at temasaker i avisa, samt ei spørjeundersøking, vil gi oss meir å jobbe med i framtida. Me veit at folk er opptatt av morgondagens helse, våre tilbod og korleis me legg til rette i Tysvær. Nå får dei ein unik muligheit til å påverke dette, seier Annbjørg Lunde.
– Så du kan garantere at desse svare ikkje hamnar i ei skuff?
– Det kan eg 100 prosent. Me er tvert om svært interessert i kva folk tenker om dei enkelte sakene. Difor mar me også valt å dele opp i fem kategoriar, slik at det skal vere enklare å komme med klare svar.

Vegval
Tysvær kommune kjem med ein ny plan for helse og mestring i 2020. Korleis innbyggarane opplever helsevesenet er eit av fleire viktige punkt i den planen.
– Alle vil ein eller annan gong komme i kontakt med helsevesenet. Difor er spørsmåla me har laga retta til innbyggarane i alle aldersgrupper. Korleis opplever ein tilbod om ein aktiv kvardag?, kva forventningar har ein til kommunale tilbod?, og korleis vil ein bu i framtida?. Desse og fleire spørsmål vil me gjerne ha svar på, seier Lunde.
– Kor viktig er innspel frå innbyggarar når ein jobbar med kommunale planar, Eikje?
– Dei er alltid viktige, men ofte er det vanskeleg å komme tett nok på. Så då denne mulegheita til eit samarbeid med lokalavisa kom, så tenkte me at dette er ei unik mulegheit for oss. Og dette er ein vinn-vinn-vinn-situasjon. Innbyggarane får seie si meining, me får innspel og Bygdebladet får fri tilgang til ei undersøking om folk si meining om kommunale tenester. Nå kryssar me fingrane for at folk stiller opp og seier si meining. Nå har dei i alle fall ei god mulegheit for å vere med å påverke framtida, til seg sjølv, og også neste generasjon.
– Kva forventningar har Tysvær kommune til innbyggarengasjement?
– Dette er første gong me prøver noko slikt og det er spennande for oss. Me er dagleg i kontakt med folk som har meiningar og spør, men å kunne få dette betre kartlagt hadde vore til stor hjelp. Så vår anbefaling er, klikk deg inn på Bygdebladet, og bli med og påverk. Saman kan me bli betre, og det er eit stort mål for oss, avsluttar Sigurd Eikje og Annbjørg Lunde.