John Inge Ulvøy og Skjold IL tar grep i kampen mot Koronaviruset.
John Inge Ulvøy og Skjold IL tar grep i kampen mot Koronaviruset.

UNDERSØKING:

God helse er alfa og omega

Å holde seg i aktivitet kan gi mange plussar. Så mange at det kan vere vanskeleg å telle? Men blir det lagt godt nok til rette for fysisk helse?

Tysvær kommune har i mange år lagt til rette for fysisk aktivitet gjennom utbygging av idrettsanlegg og turløyper. Der er også brukt midlar på å gjere det lettare for «alle» å vere aktive.
– Det er slik at me i kommunen har ein del av ansvaret for å legge til rette for at kvar enkelt kan drive med helsebyggande aktivitet. Gjennom støtte til idrettslaga og gjennom våre idrettsanlegg. I dag er svært mange av våre innbyggarar medlem av eit lag eller foreining som driv med eit fysisk og aktivt tilbod. Men min og vår jobb er også å gjere det lettare for dei som ikkje er medlem. Er det eit populært turmål, som manglar ein parkeringsplass? Er det ei løype som treng litt oppgradering. Er det utstyr som kan gjere at mange nyttar seg av eit felles tilbod. Slike spørsmål må me stille oss heile tida. Målet er klokkeklart: Alle skal ha eit aktivitetstilbod, seier idrettskonsulent Geir Stakkestad.

Heile livet
Frå du er liten og krabbar rundt til du går på seniortrim er gevinsten av fysisk aktivitet stor. Undersøkingar viser at berre det å gå ein tur på 30 minuttar per dag kan gi deg merkbart betre helse.
– I Skjold IL prøver vi å rekruttere ungar inn til klubben i ung alder, slik at dei skal få bli kjent med aktivitetane me har. Akkurat nå har me organiserte aktivitetar for dei fleste aldersgruppene, men ser at me har litt å gå på når det gjeld seniorar. Men klubben vår, og dei andre klubbane har heile tida eit ønske om å gi eit tilbod for alle og for alle typar aktivitetar, seier dagleg leiar i Skjold, John Inge Ulvøy.
Så er spørsmålet som ein håper du tar deg tid til å svare på (i eiga sak), om dette tilbodet Tysvær har, blant frivillige, det offentlige og private, er godt nok, om det blir satsa på rett aldersgruppe eller om det er manglar.
– Det hadde vore spennande for meg som idrettskonsulent å få innspel om dette. Me jobbar heile tida med nye planar og aktivitetsområder. Så innbyggar-initiativ er hjarteleg velkommen, seier Stakkestad.
– Det same trur eg idrettslaga er interessert i å få høyre om. Slå gjerne på tråden til oss i Skjold om du har idear eller tips om å få endå fleire aktive innbyggarar. Me er med på laget, seier Ulvøy.

Spørsmåla som blir stilt i denne saker er;
Opplever du at det er gode muligheiter til fysisk aktivitet? Også sett med alt det andre rundt fysisk aktivitet som samhald, psykisk gevinst og meir.
Me spør også om det er nok førebyggande tilbod i kommunen? Det gjennom frivillige, private og kommunale tilbod.
Det siste spørsmålet om fysisk aktivitet handlar om satsing. Er det gode nok tilbod for fysisk aktivitet og sosiale møteplasser for alle aldersgrupper?

Bli med og vis at du er ein engasjert Tysværbu.
Spørsmåla ligg i ein eigen nettsak til høgre, eller ved å klikke her: https://tysver-bygdeblad.no/2019/11/21/undersoking-aktiv-hele-livet/

Har du gode idear om å aktivisere fleire unge og gamle kan du også sende ein e-post til: [email protected]