LEIAR

Nå har du sjansen

I samarbeid med Tysvær Bygdebladet gir Tysvær kommune innbyggarane ei unik mulegheit til å vere med å påverke morgondagens Tysvær.

Det er ikkje ofte innbyggarar får ein slik sjanse til å seie i frå kva dei meiner om ulike tiltak, planar og tilbod i ein kommune. Me i Bygdebladet er med for å vise at dette er eit ope og demokratisk innspel frå kommuneleiinga, der di meining faktisk skal få noko å seie i dei nye planane som kjem neste år.
På side 3 kan du lese om prosjektet.
Det som eg gjerne vil bruke nokre linjer på i leiaren, er å påpeike det som nå skjer i Tysvær kommune. Me skimtar ein ny openheit og tilnærming til innbyggarane me ikkje har sett like tydeleg før. Ein har hatt gode arenaer som ordføraren si nyttårsmottaking og «Tysværdagen», men det å direkte ønske ein kommunikasjon med innbyggarane er på mange måtar unikt.

Ein skal ha ærlege hensikter når ein innbyr til slikt. For her vil me i avisa få førstehands kunnskap om avstemminga, og kva folk er for og imot. Det er inga form for sensur, og det er eit uttalt mål om openheit, ønske om påverking, og om dialog. Eg har brukt tid på nett for å finne noko liknande, og det er få eksemplar som viser kommunar som tør vere så opne.

Utfordringa er at undersøkinga stort sett vil skje på nett via vår heimeside. Der er ikkje alle, og me treng hjelp frå deg som leser dette til å hjelpe dine næraste som ikkje er online, slik at dei også får mulegheit til å vere med å «trykke» inn sine svar. Dette er så unikt at me bør legge oss ekstra i selen for å få inn mest mulege svar og meiningar.

Spørsmål som går på korleis me har det i dag, og om korleis me har forventningar om at kommunen skal vere i framtida er noko som opptek alle. Me treng ikkje sette ordet alle i klammer ein gong, for av alt som kommunen tilbyr så er omsorgstenester det viktigaste. Fordi omgrepet helse grip inn frå me er små og spring rundt på kunstgraset, til me er eldre og bur i ein bustad med tenester frå kommunen som ein nøkkel for at me har det godt.
Difor kjem eg med ei sterk utfordring til alle våre leserar. Gå inn og sei di meining. Det er ja og nei spørsmål, fort, men viktig gjort.

Me kan ikkje la denne unike sjansen gå frå oss. Første spørsmål kjem på nett i morgon.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør