Hallvar Djuvik, Henrik Hundsnes, Aasmund Kaldestad leverte sakene under årets julekonsert. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Jul i Tysvær er for mange ein konsert med tenorane Henrik Hundsnes, Hallvar Djupvik, Aasmund Kaldestad og multimusikar Steffen Horn. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

KULTUR

Henrik garanterer julestemning

Konsertprogrammet før jul er tettpakka og variert. Men ein tidlegare «straumenbu» garanterer gåsehud og julestemning i kulturhuset.

Tenorane og Steffen Horn har etablert seg som eit kritikarrost ensemble sidan starten i 2011. Med ei lun blanding av alvor og humor tek dei publikum med på si ferd gjennom klassiske perler, kjente og kjære julesongar, amerikanske hits og til eigenskrivne songar.
– Det er ei fantastisk flott tid me er på veg inn i nå. Jul, tenorar og julesongar passar saman. Og for meg som utflytta tysværbu er det sjølvsagt ein konsert eg ser fram til med litt ekstra spenning. Den 8. desember i Tysværtunet. Det er heilt spesielt for meg, for familien min og alle vennene eg har på Haugalandet. Så når turnélista nå er ferdig, så blinkar den dagen mot meg, seier Henrik Hundsnes.
Dei siste åra har kritikarane kasta rundt seg med både femmerar og seksarar for konserten «Så ha ei god jul då». Og slik blir det nok i år også, for sjølv om ensemble har fornya seg, er det bygd opp rundt suksessformelen.

Tradisjonar
– Me er nøydd til det, uansett kor kreative me vil vere. Det heile er regissert og koreografert av Tore Nysæther, som har over 30 år erfaring med å lage musikalske show i toppklasse, og det er der ein ser den største skilnaden. Men musikalsk må me halde oss innan den sjangeren som gjer at tenorar og jul på mange måtar heng saman, seier Hundsnes.
Med seg til Tysværtunet har han Aasmund Kaldestad, Hallvar Djupvik og pianist Steffen Horn.
– Kan du røpe noko av det nye ein får høyre?
– Det me gleder oss mest til å servere er eit heilt nytt USA-medley, med kjende og kjære julesongar. Så har me ein heilt ny julesingel, som me faktisk testa ut i fjor, som heiter «Hun bærer et lys». Alf Willy Vestergren har komponert songen, og Tore Nysæther har laga teksten. I tillegg har me på lager eit par overraskingar. Det fortener publikum, seier tenoren frå Straumen, nå Oslo.
Sundag startar juleturneen i Lyngdal, og 24 konsertar seinare er det jul også for Hundsnes og familien.
– Det er klart at mye av advent går med til reising og konserter. Plussen er at me treff mange på desse turane som me har knytt band til desse åtte åra me har vore på farten. Minus er at det blir plutseleg jul heime. Men når folk vil ha besøk av oss, synast me det er stas, seier Hundsnes.

Treng folk
Julekonsertar er det mykje av, og som sagt innan dei fleste sjangrar.
– Me ser at folk venter lengre og lengre med å kjøpe billettar. Det er ei utfordring både for arrangørane og oss. Så eg håper, og trur, at tysværbuen er kjappe med å sikre seg dei beste plassane i kulturhuset. Me må jo klare å fylle opp på min heimebane også, seier Henrik Hundsnes med eit smil.
Framleis er det «gode» billetar igjen.
– Det er det, og me skal ikkje stresse dette for mykje. Me serverer tradisjonell julemusikk, musikk som er tilpassa tre tenorar og ein litt «sprø» pianist. Me har henta fram det beste av det beste, og det viser seg at det vil folk ha. Også i 2019. Derfor er eg trygg på at eg vil treffe på både nye og gamle venner i Tysværtunet, avsluttar ein travel Henrik Hundsnes.