LEIAR

Tenn lys

Desember nærmar seg med stormskritt og me presenterer vårt adventsnummer på heile 60 sider. Til deg som er vår trufaste lesar.

Advent er på mange måtar eit skilje mellom alle dei som gler seg til jul og alle dei som ikkje gjer det. Som journalist møter me mange i løpet av eit år som nemner adventstida som noko flott, men også dei som syns at dette er ein del av året som kjennest tung.
Og det er slik verda er, eller har blitt. Skilje mellom det å ha det så godt rundt seg at advent berre blir ein topp på året, kontra det å konstatere at ein ikkje er i den gruppa i samfunnet, blir berre større og større.
Eg fekk ei helsing nede på torget i Aksdal Senter denne veka.
– Eg gleder meg slik til julelunsjkonserten, Kvalavåg. For den er gratis. Eg har ikkje råd til alle dei andre konsertane.
Det gjorde inntrykk for dette var ei ung dame som nok hadde hatt stor glede av julekonsertar hadde vore midt i blinken for, og noko å sjå fram til i adventstida.
Og det er dette som er prisen for slike periodar av livet. Når ein sit der framføre skjermen og ser reklame og julefilmane fly forbi. Eller er på senteret og ser plakatar om sal før jul. Berre for å konstatere at det ikkje er muleg å vere ein del av det.
Eg skriv ikkje dette for at ein skal ha dårleg samvit for sine advent- og juletradisjonar, men for nok ein gong minne om at det slett ikkje er alle som gleder seg til jul. Eg har prøvd å ha det som ei tradisjon i leiaren min før jul, at me er ekstra på vakt og viser litt ekstra omsorg i adventstida. La oss gjere eit forsøk på det i år også.
For eg blir stadig minna på denne skilnaden som er i samfunnet. At me i velståande Tysvær også har mange som slit. Kva som er grunnen kan vere det same, dei slit og dei er ein del av oss.
Elles er adventstida ei tid der mange har flotte tradisjonar. Familiar blir samla og mykje av det ein ser og høyrer vitnar om at mange er svært flinke, både til å arrangere, men også å støtte opp om desse arrangementa. Enten privat eller i det offentlege rom.
I vårt adventsnummer har me funne plass til dei gode historiene, om tips til både det eine og andre, og kankskje ei overrasking og to.

Me håper du finn noko å lese og fortelle vidare om. Og husk at eit abonnement på Tysvær Bygdeblad kan vere ei flott julegåve til den som har «alt».

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør