Då familien Flatnes bygde hus var det mykje å passe på for utbyggarane. Her er det arbeidsfolk frå Tørresdal Forskaling som diskuterer.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Då familien Flatnes bygde hus var det mykje å passe på for utbyggarane. Her er det arbeidsfolk frå Tørresdal Forskaling som diskuterer. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

NYHETER

Bustad for livet?

I dag er det lokale og nasjonale forventingar om at ein skal bu heime så lenge som mogleg. Men korleis planlegg ein for eit enklast og lengst mogleg liv i bustaden sin?

Denne veka dreier spørjeundersøkinga til Tysvær Bygdeblad og Tysvær kommune seg om bustad for livet. Det er behov for rundt 400 nye bustadar på Haugalandet kvar år framover, og den store målgruppa er dei over 75 år, grunna eldrebølga, i følgje prognosesenteret Nerja.
Burde kommunen komme meir på bana med bustadrådgjeving slik at unge og vaksne som planlegg å bygge bustadar gjer smarte grep når det kjem til funksjonalitet i bustaden?
Odd Arne Flatnes er tømrer, og har ein son som er rullestolbrukar. Familien bygde nytt hus i 2017, og har tilrettelagt bustaden slik dei treng. Flatnes meiner at det er lurt at ein tenker på tilgjengelegheita i bustaden sin, da kan ein bu der så lenge en vil og har en attraktiv bustad for alle ved vidaresal.
– Det er lurt å tenke tidleg på kor ein skal bu når ein blir gamal. Det er også viktig at barna tenker på sine gamle, at dei tenkjer på tilrettelegging av bustaden dei bur i før dei slit seg heilt ut, seier han.
Han meiner det vil vere lurt å kontakte kommunen, og forhøyre seg om kva tilbod og ordningar som finst. For det er tilskot og liknande som gis til eldre og andre grupper som treng det.
– Eg trur ikkje unge folk tenker på dette i det heile tatt, og det forstår eg godt, seier Flatnes.
– Når ein er ung tenker ein sjølvsagt ikkje på trappa inn til bustaden som eit problem, men når ein har eit hus som har trinnlaust tilkomst og løysningar innvendig som er lett å bevege seg i, så merkar ein kor lett kvardagslige ting også blir.

Kvar sine behov
Sjølv er han svært fornøgd med å ha dei løysningane de har heime. Me måtte bygga det slik og det var ein fordel, da var det fokus på tilgjengelegheit og ikkje på korleis me kunne løyse det på andre måtar.
– Når ein til dømes skal bygge ei rampe er det krav til korleis den skal vere. Ein rullestolbrukar skal kunne trille der sjølv. Derfor er mange rullestolrampar veldig lange. Eg tenker at en rampe kan være mykje brattare om det passer for deg og er betre enn å ikkje ha noko, seier Flatnes.
Heime hos seg sjølv har han gjort mykje sjølv, med god hjelp av Tysvær kommune for å få det akkurat slik dei ønskja i huset sitt.
– Der me budde tidlegare kom kommunen med ei rampe i stål. Sei at denne kosta kommunen 25 000 å sette på plass, den var til stor hjelp, men ikkje akkurat fin å sjå til. Nå trur eg det det er slik at ein kan skaffa seg et pristilbod på ei eigen løysning, og få eit tilskot frå kommunen/Husbanken og laga den akkurat slik du vil seier Flatnes.
Han trur det er viktig at kommunen lyttar til folk, og har tru på at dei kan komme fram til ordningar der ein får høve til å få det slik ein vil, i staden for slik det «må» vere.
– Eg synst det er utruleg kjekt å bu i ein bustad som er tilrettelagt. Me har også laga uteområdet slik at det går an å køyre med rullestol der, det er ein stor fordel, fortel Flatnes.

Ver føre var
Han meiner at det er mange fordelar med å ha eit funksjonelt hus, til dømes om ein får besøk av personar som har behov for tilrettelegging til å komme seg inn i og rundt i huset.
– Eg opplever at det er ei endring på gang i byggebransjen kva gjeld funksjonalitet. Dersom ein har mykje fokus på det, vil det til slutt skje ei endring. Tankegangen er at det skal bli trinnlaust, og då forsvinn dei flotte inngangspartia. Ville det ikkje vore fint å kunne trille barnevogna rett inn døra?, seier Flatnes.
Han meiner at det er viktig at ein tenker på funksjonell utforming av bustaden sin tidleg.
– Mange eldre gjør tiltak for seint, en går rundt å tenker på kva en vil gjøre, men venter til ein ikkje klarer meir. Då angrar ein kanskje på at ein ikkje la til rette tidlegare, eller flytta tidligare til ein bustad som passa betre, seier Flatnes.
Hans oppmoding er å ta kontakt med kommunen, fortelje kva ein treng og korleis ein ønskjer at det skal vere heim hos seg.
– Då kjem ein nok fram til ei god løysing. Det verste er jo å bli sittande åleine i eit hus som ikkje er til ditt bruk, avsluttar Odd Arne Flatnes.