Erlend Bjelland og Øystein Simonsen vil lage film om Tysvær, med dine filmsnuttar.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Erlend Bjelland og Øystein Simonsen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

KULTUR

Erlend og Øystein vil ha filmen din

– Kva med å samle inn historiske filmsnuttar frå heile Tysvær, og så sette dei saman til ein Tysvær-film? Det hadde vore spennande.

Filmskapar Erlend Bjelland og kinosjef Øystein Simonsen har ein plan. Planen er å få tysværbuen til å gi dei tilgang på filmar i alle format, som viser Tysvær gjennom kvardag og fest frå 1960 og fram til i dag.
– Me reknar med at det er ein del hobbyfotografar som har leika seg med filmapparat, videokamera og mobiltelefonar alle desse åra, og som sit på historisk gull. Det kan vere alt frå eit bilkjøp, via hockeysveis på -80-tallet til sveip over bustadfeltet der dei bur. Ein skal ikkje så langt tilbake i tid, før me synst det er gamalt det me ser på. Og me veit, og har sett mellom anna på Facebook at det er mykje bra der ute blant folk, seier dei to filmentusiastane.
Sidan me startar med blanke ark så veit me ikkje kva retning dette prosjektet tar

Sidan me startar med blanke ark så veit me ikkje kva retning dette prosjektet tar

Samlar inn
Det er Bjelland som skal ta seg av sortering og klipp av filmen som skal bli servert på stort lerret.
– Sidan me startar med blanke ark så veit me ikkje kva retning dette prosjektet tar. Det gjer det ekstra spennande. Som sagt har me sett mange gode klipp, og me kjem til å ta kontakt med ein del av dei som har lagt ut filmsnuttar offentleg. Men me trur og eg veit at her er det mykje gull, som ligg heime i esker på loft og i kjellar. Nå skal me få det fram og vise det historiske Tysvær. Me er litt inspirert av historieboka Vingespenn, som viser kor interessant den nære fortida er, seier Bjelland.
– Nokon vil nok tenke at det dei har ikkje er godt nok, eller spennande nok?
– Ikkje tenk på det. Kontakt meg, og eg skal vere med å sjå gjennom det dei har. Det er lett å komme på eksempel på det ein kan kalle historisk spennande ting. Ein fotballcup, eit skirenn, ein konsert, opning av ei båthamn, 17. mai tog eller at kjende lokale personar kanskje fortel om noko. Mange filma slikt på -60 og -70-talet. Det må me finne fram til nå.
– Kva type film ser du for deg?
– Om me lukkast så bør dette vere ei levande historievandring der folk i salen kan kjenne seg igjen. Den vil garantert vekke gode minner frå ei tid der Tysvær var i rivande utvikling. Gøy å få dette opp i stort format, da blir det ekstra spennande å følge med, trur Bjelland.

Prosjekt
For kinosjefen er dette eit prosjekt heilt i Simonsen si gate.
– Det er det absolutt. Eg vil at kinoen og kulturhuset skal vere ein pådrivar også i slike stunt. Veldig flott å få bruke ein kapasitet som Erlend i ei slik innsamling av materiale betyr at me kan få eit svært bra sluttprodukt.
– Deler du litt den frykta for at folk ikkje trur det dei har er godt nok?
– Nei, eg gjer eigentleg ikkje det. Me veit at folk har digitalisert mange av filmane sine då det blei muleg. Og då blei det mange koselege kveldar med DVD-spelaren og fjernsynet. Eg håper og trur at folk vil dele mange av desse augneblikka med oss, og at me saman kan skape det me har kalla ein Tysvær film. Kva som blir tittelen på plakaten til slutt, får me vente å sjå. Spente er me i alle fall, og me håper at me klarer å tenne alle dei der ute som har noko på lur, smiler Øystein Simonsen.
Historisk sett har det skjedd mykje i vårt distrikt desse 60 åra. Store etableringar har skjedd og store bustadområder er bygd ut. Kanskje nokon har filmsnuttar som viser Tysvær før dette. Og kva med kjendisane våre. Kanskje nokon har ein filmsnutt av ein ung Aleksander Søderlund eller Lido i aksjon?
– Uansett er det viktig at folk tar kontakt med oss nå, slik at me kan få ein følelse av om folk er med på dette prosjektet. Me kan ikkje anna enn å heie på dei. Dette får me til, avsluttar dei to med eit stort smil.