13. desember kjem Gunnar Halle til Tysvær og speler lunsjkonsert saman med Espen Eriksen.
13. desember kjem Gunnar Halle til Tysvær og speler lunsjkonsert saman med Espen Eriksen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

KULTUR

Lyst å utfordre deg sjølv?

13. desember kjem Gunnar Halle til Tysvær og speler lunsjkonsert saman med Espen Eriksen. I mellomtida kan du sjekke ut denne plata.

Tysvær Bygdeblad vil gjerne gi deg eit hint om ei ny plate med Halle som nå er tilgjengeleg både digitalt og på LP. Litt annleis enn det du kanskje lastar ned til vanleg, men kvifor ikkje låne øyre til ein av landets dyktigaste jazztrompetistar og bli utfordra.
Plata «Halle´s Planet» gir eit godt bilete av mykje av det Halle har jobba med dei siste åra. Saman med sine skandinaviske medmusikantar både leiker og utfordrar han på plata. Det er rytmar og seksjonar som er gode og lytte til. Samtidig elskar han å lokke lyttaren ut på nye vegar i lydbilete. På denne plata er det mykje av begge delar.
I eit spenstig lydbilete er det ei stor oppleving å høyre trompeten som vokalinstrument. Den såre og litt sarte lyden Halle er kjent for fungerer i det meste. Det er som han vil ta deg med på ei musikalsk reise, og derfor også denne tittelen på plata. Knut Arne Finsrud og Wetle Holte tar seg av trommene, og er plassert i kvar sin kanal lydmessig. Ok, det er for «the fans» og nerdane, men dei kan sin jobb og utfyller lydbilete på ein god måte. Det same gjer bassist Putte Johander og gitarist Stephan Sieben.
Det er så fullpakka med detaljer at ein tar seg i å lytte, kanskje etter ting ein vanlegvis ikkje hører når ein starter platespelaren.
Om det fungerer?
Ja, så absolutt. Nå er ikkje eg ein typisk «jazzmann», men eg merker at eg er blitt flink til å lytte med åra. Etter det som fagfolk sikkert har fancy namn på, men som eg vil kalle beaten eller rytmen i låtane. Det kjem spesielt fram i opningslåta «Black Matter». «Fem tynne» og avslutningssporet «Yellow Dwarf Waltz» har også noko med seg som gjer at ein vil lytte ein gong til.
Dette er handtverk i toppklasse som vil bli godt mottatt rundt om der livejazz blir spelt. Me som ikkje har slike klubbar eller scener nær oss, blir litt rikare musikalsk ved å lytte til slike album.
Tør du?

Alf-Einar Kvalavåg

NY PLATE

Terningkast 5

«Halle´s Planet»
Gunnar Halle
Med Stephan Sieben, Putte Johander, Knut Finsrud og Wetle Holter.
Nov. 2019
Ozella Music