I fjor lova Narve Susort juletregang i hallen til jul. Og slik blei det. Foto: Falkeid IL
I fjor lova Narve Susort juletregang i hallen til jul. Og slik blei det. Foto: Falkeid IL

130 ville sjå Falkeidhallen

Sundag 15. desember arrangerte Falkeid IL sightseeing-kafé for å gje medlemmer og bygdefolk ei omsyning i den nye lekre storstova – Falkeidhallen. Hallen skal vere bruksklar i februar.

Narve Susort prata om prosessen.

Kafeen vart opna og avrunda av styreleiar Gro Sørensen i storsalen på klubbhuset. Det vart fullt hus med sal av årer, graut, pølser, kaker og kaffi. Folk vart raskt fornøgde og trippa spente etter å få sjå inni Falkeidhallen.

Falkeid sine 14 år gamle handballjenter ønska velkommen i døra med peparkaker og lodd til alle som kom på omsyning i hallen. Trass bra oppmøte med 130 skodelystne, såg det  lite ut i den flotte store hallen som byggeleiar og frivillig Narve Susort tok oss gjennom rom for rom. Han fortalte om prosessen frå starten og fram til at vi no sto i eit allrom som kan brukast til alt frå yoga til bryllaupsfest, med ei utsikt du ikkje klarer å forstå før du sjølv står der.

Vidare, var det syninga av treningsrom, og tre store klubbrom i andre etasje, alle med den same flotte utsikten over Tysværvågen som får deg til å sleppe ned haka og løfte augebruna. Det var mange som vart overraska over kor stor plass det var, «den ser jo ikkje så stor utanfrå», var det mange som bemerka.

Så, til ord som fanga, og som kom til si rett, Narve Susort sa at ved første spadestikket på denne tomta i desember 2018, at vi til jul 2019 skulle gå kring julegrana inni Falkeidhallen. Og nettopp det gjorde vi, til vakker julemusikk frå Kristian og Synnøve Høie. Det var eit gripande augneblikk for mange, og vart ein utruleg vakkert symbol på all idrettsglede og samhald Falkeidhallen skal stå for i generasjonar framover.

– Mikael Benjamin Myklebust, dagleg leiar Falkeid IL