Førre Musikkorps fyller 60 år, og laurdag kan du få vere med på bursdagsfesten. Då tar dei deg med på ei tidsreise i storsalen i Tysværtunet. Ei festførestilling med fokus på alle dei seks tiåra er på programmet. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Førre Musikkorps fyller 60 år, og laurdag kan du få vere med på bursdagsfesten. Då tar dei deg med på ei tidsreise i storsalen i Tysværtunet. Ei festførestilling med fokus på alle dei seks tiåra er på programmet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Feirer 60 år som bygdas musikalske stoltheit

Laurdag kveld inviterer Førre Musikkorps til fest. Då speler dei opp på alle strengar.

Det er lenge sidan Monrad Strømø blei henta til Førre-bygda, og den spede starten av det som ved årtusenskifte var eit av landets aller beste korps. Men alt har ein start.

– Det er interessant å lese gamle historiar om kor stort ønsket om eit korps i bygda var. Og sjølv om 60 år er ein del, så snakkar me mykje meir om ein ser på utfordringane. Å drive korps i dag er ein jobb, men kan ikkje samanliknas med utfordringane dei hadde i starten i 1959. Det verkar som om det er hundrevis av år sidan. I alle desse åra har korpset hatt ei viktig rolle i Førre. På 17. mai, i kyrkja, på lokalet og som samlingsstad for barn og unge. Målet var etterkvart å komme opp på eit nivå som gjorde at musikantane heldt fram til dei blei 18 år. Og det har me lukkast godt med, seier leiar Roar Sørensen.

Fest

Laurdag kan ein få vere med på ei tidsreise i storsalen i Tysværtunet. Ei festførestilling med fokus på alle dei seks tiåra er på programmet.

– Me har bygd opp showet slik at me har ein programleiar for kvart tiår. Det blir musikk, sjølvsagt, men også ein del kjekke historier. På lerretet vil det komme filmsnuttar, der mange vil kjenne seg igjen. Eg trur dette konseptet vil falle i god smak hos dei som får plass i storsalen, seier Sørensen.

– Korleis har utviklinga vore?

– Tenk deg starten. Da var det få om ingen aktiviteter for barn og unge. I dag har me konkurranse overalt. Skal me halde liv i Førre Musikkorps i framtida må me også våge å tenkje nytt. Det skal framleis vere ein arena å spele musikk, men også ein stad der ein har trygg oppvekst og gode venner. Kanskje vil denne markeringa bringe endå meir liv inn i korpset. Utviklinga i tilboda for barn og unge har vore formidabel.

– Kven har drive korpset alle desse åra?

– Det som har vore fantastisk med FMK er alle dei som har stått på, seint og tidleg. Eg har ikkje tal på alle dei som har hatt verv, og som har stilt opp. Men det er mange. Og det har vore ein god plass å vere frivillig. Ein treff folk som liker det same som deg, og som har eit felles mål. Så kjem det inn nye tankar og meiningar, som gjer at ein utviklar seg vidare. me har hatt ei rekkje med gode dirigentar, og me har æresmedlem som verkeleg fortener slik heider. Det å ha vore ein del av Førre-gjengen er det grunn til å vere stolt over, seier Sørensen.

NM-gull

Sjølv om korpset har hatt mykje suksess, og opplevd mykje kjekt alle desse åra, er det spesielt NM-gulla rundt årtusenskiftet som står der framme som det største.

– Det blir ofte slik, sjølv om vegen fram dit, alle konkurransane også seinare som har gitt heider og gull, så var dei åra som Norges beste heilt spesielle. Så er det heilt sikkert små og store hendingar, for liten og stor, som kanskje på det personlege plan har vore like stort. Det er det som er så fint med korps, det er så mange sjansar for å lukkast. Det er eit av våre beste kort på handa i kampen om ungane.

– Kva får ein høyre i storsalen?

– Me har tromma saman eit oldstar-korps under leiing av Jakob Birk. I tillegg blir det sjølvsagt mange innslag av dagens korps. I tillegg overraskingar. Mot slutten glir det over i meir tradisjonelt juleshow. Nei, dette ser me skikkeleg fram til, og det er absolutt noko å få med seg. Eg trur dei aller fleste som har vakse opp i denne delen av Tysvær har eit eller anna minne kor Førre Musikkorps er ein del av det. 60 år er ingen alder og det vil publikum merke, seier Sørensen som stadfester at både æresmedlem og tidlegare dirigentar blir å finne i salen.

Dette er den andre 60-års markeringa i år. Grinde skulemusikkorps hadde sin fest tidlegare i år.

– Det er ei tid for alt, og akkurat i denne tidsepoken dukka det opp korps rundt om. Me har i mange år vore med og satt Nord-Rogaland på kartet, og det må sjølvsagt feirast. Og ingenting er vel betre enn å gjere det rett før jul, noko me har hatt suksess med i så mange år. Våre juleshow har lokket mange til Tysværtunet i mange-mange år. Nå får dei jul og mykje meir moro på kjøpet, lovar Roar Sørensen.