Har du sett Elio. den er sårt savnet på Nedstrand.
Har du sett Elio. Den er sårt savnet på Nedstrand.

NYHETER

Leitar framleis etter hunden Elio

Hunden Elio stakk av frå eigarane på Nedstrand fredag som var. I fleire dagar har dei leita, og svært mange i bygda har engasjert seg i leitinga etter hunden.

Han forsvann ved Laftahyttå/jakthytta midt mellom Hest og Hellebrekkene.
– Me har dessverre ikkje funne Elio endå. Det har vore fleire på leir i dag langs Liarvågen, opp til Hest, i Espevik, til Såt, på Sandvik Camping og langs vegen til Skjoldastraumen. I ettermiddag går vi igjen til Laftahytta, kor han forsvann for oss på fredag. Om det er nokon som er godt kjende i terrenget mellom Laftahytta/Hellebrekkene og Ringstveit-garden, set me utruleg stor pris på om det blir søkt der. Tusen takk for all støtte, seier Marie og Nils Jarle Lindtner til Tysvær Bygdeblad måndag ettermiddag.

Hunden forsvant fredag ca klokka 12.00.
FAKTA: Australsk copperdog, 16 mnd, er chippa. Har halsband merka med namn og telefonnummer, trekksele med 15 m langline. Eigar kan kontaktast på 907 83 639 eller 915 95 576.

Liarvågvegen 1198 merket med rød pil.

Her er siste observasjon: