LeVang er: Atle H. Fjelde, Jan Knutsen, Arvid Brugman, Øyvind Østebøvik og Jocky. Alle songane er laga av bandet.
LeVang er: Atle H. Fjelde, Jan Knutsen, Arvid Brugman, Øyvind Østebøvik og Jocky. Alle songane er laga av bandet.

LUNSJKONSERT

Spennande start på årets lunsjsesong

I dag fredag er me klar med årets første lunsjkonsert. Og me startar på topp med LeVang. Kompisgjengen servere fengane låtar.

– Ja, eg håpar nå det. Me har jobba i studio med ein del songar som me har gitt ut og fått gode meldingar på. «Tjokken på Bokn» blei ein hit som kom inn på listene og som folk snakkar om. Det er viktig for eit nytt band, fortel Jocky Levang.
Men sjølv om bandet er nytt er dei absolutt ikkje nybegynnarar verken på scenen eller i studio.
– Me har spilt lenge og i forskjellige settingar. Nå har me fått med oss tysværbuen Øyvind Østebøvik på vokal, og dermed har me starta på eit nytt prosjekt. Og så langt har det vore både inspirerande og kjekt. Når ein jobbar med songar og får respons så er det utruleg motiverande. Me ønsker å spille musikk som folk kjenner seg igjen i, og som dei lett kan ta til seg. Om det kvardagslege og slikt, seier Jocky.

Erfaring
Dei har spilt i band i ei årrekkje og har tonnevis med erfaring som gir bandet fleksibilitet.
– Eg var ein tur på ein av lunsjkonsertane og såg på «Kvednabekkjers». Konseptet er heilt fantastisk, og når me har så dyktige folk i bandet kan me kan tilpasse oss publikum på ein god måte. Me skal vere dyktige musikalske, og på eit nivå som gjer at alle dei som kjem skal få ein fin oppleving. Til det trengs det mykje rutine, seier den lokalt godt kjente komponisten, produsenten og musikaren Levang.
– Kva vil bandet servere til lunsj?
– Det blir dei nye songane me har jobba med. Det er i fleire stilartar, frå country, via pop til blues. Me har øvd ein del nå, og laga versjonar som me trur kjem til å fungere svært godt.
– Så det går ikkje berre på rutinen?
– Nei, langt frå. Me skal ha eit par slike promokonsertar nå, og dette er viktig for oss. Me vil ha spelejobbar og då må me levere kvar gong folk er og høyrer på oss. Ta for eksempel gitaristen vår Arvid (Brugman). Han har spelt gitar i årevis, men set av mange timar til øving kvar einaste dag. Det er alltid noko nytt å la seg inspirere av. Totalt sett trur eg alle i bandet elskar det dei driv med. Me har det i alle fall utruleg kjekt på øvingane.

Lokal helt
Øyvind Østebøvik har vore med i bandet i snart eit halvår. Han tar seg av vokalen og det blir umiskjenneleg på tysværdialekt når han syng. Tekstane er som Levang seier om det nære og det sjølvopplevde. «Hiten» «Tjukken på Bokn» er ein slik, og ein song ein fort kan få på hjernen.
– Det er eit inspirerande band å være ein del av. Dei andre medlemmene er utruleg dyktige, og har lært meg svært mykje på kort tid. Men eg er svært spent på lunsjkonserten. Det blir den andre gangen me står på scenen saman som band. Blir generalprøve på bluesklubben i kveld, så me får gjera alle tabbar der slik at vi får det gjort før eg kjem heim til fredag, seier Østebøvik, som også har vore med «Kvednabekkjers» og spilt til lunsj i Tysværtunet.
– Lunsjkonsert er heilt fantastisk kjekt og me håper mange vil komme og høyre på oss. Me skal gi alt, seier Østebøvik.
LeVang er: Atle H. Fjelde, Jan Knutsen, Arvid Brugman, Øyvind Østebøvik og Jocky. Alle songane er laga av bandet.
Neste lunsjkonsert, som er et samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet kulturhus er med Glenn Rand den 21. februar.

Konsertane starter klokka 11.30 og er heilt gratis.