21. august blir det eit spennande møte med songaren Eivind Jul Wibe Fiksdal.
Foto: Hanne Cathrine Fagerland
21. august blir det eit spennande møte med songaren Eivind Jul Wibe Fiksdal. Foto: Hanne Cathrine Fagerland FOTO: Hanne Cathrine Fagerland

LUNSJKONSERTER

Starta 2020 med LeVang og slepp tre nye lunsjkonsertar

Folket har talt. Dei elskar lunsjkonsertane våre. Difor kan me stolt presentere tre nye namn denne veka.

3. april, fredagen før påske kjem plateklare «Kvednabekkjers» tilbake til Tysværtunet og lunsjkonserten. Etter strålande mottaking sist har me ønska oss eit gjenhøyr med den trevlege gjengen frå Bokn og Tysvær. Med ny plate i månadsskiftet april/mai, kan me denne gongen forvente oss smakebitar derfrå. Etter sist lunsj har bandet spelt ei rekke konsertar, og er nå klar for ein ny runde på vegen.
21. august blir det eit spennande møte med songaren Eivind Jul Wibe Fiksdal. Han har hatt mykje speletid både på lokal-TV og radio før jul.
– Eg har frykteleg lyst til å komme og spele ein lunsjkonsert i Aksdal. Det ser ut til å vere eit konsept som passar perfekt for meg og min musikk, seier musikaren som har fleire bein å stå på når det gjeld konsertformar. Me er spent på kva han har med seg til oss.

Endeleg
Og i september, endeleg, har me fått napp hos korleiar, songar og humørspreiar Anne Tove Øvrebø. Ho kjem og syng for oss 25. september og då må me nok fram med alt som finnast av stolar i kulturhuset.
– Eg og har veldig lyst til å komme og synge. Dessverre passar det ikkje før til hausten, men september er bra, seier ho.
Då har me berre éin ledig konsertdato igjen og det er i oktober. Kjenner du nokon som bør ta turen, sei at dei må kontakte oss.
I februar kjem «Glennen» med ein eigen trio og speler sjølvkomponert musikk. Månaden etter kjem Marina Johansson og Pianoklubben. I mai blir det stor stas når Roger Hemnes kjem, og han er også tilbake med sin trio og speler julekonsert i november.
Det er berre å glede seg.

Knallstart
Starten på årets sesong var kjekk og ekte. LeVang leverte til skikkeleg applaus og mykje ros. Dei gav av seg sjølv og viste at dei verkeleg har noko å by på. Eigne komponerte songar på norsk fall i god smak.
Og at dei avslutta med «Tjukken på Bokn» passar fint denne sesongen kor boknarane verkeleg har klart å «lure» seg inn på scena vår.
– Det var ein fin oppleving å få spele her i Tysværtunet. Mykje folk og god stemning. Nå skal me ha ei rekke jobbar og få satt bandet skikkeleg. Dette var faktisk ein av dei aller første jobbane me har hatt i saman som LeVang. Då var ein slik lunsjkonsert midt i blinken, sa Jocky Levang.
Omlag 200 personar hadde funne fram og svært mange av dei gjekk smilande inn i helga.
Neste lunsjkonsert er 21. februar. Konsertane er eit samarbeid mellom Tysværtunet kulturhus og Tysvær Bygdeblad.

Anne Tove Øvrebø.


Glenn Rand

Kvednabekkjers


Roger Hemnes

Marina Johansson