Melder om svært høg vasstand

Kommunen ber deg sikre bygningar og lause gjenstandar

Meteorologisk institutt har bekrefta at dei varslar raudt nivå for vasstand måndag kveld, og natt til tysdag. Tysvær kommune ber alle følgje med og sikre område som kan vere utsett.

Natt til tysdag er det venta ekstremt høg vasstand, estimert 80-100 cm over høgda som er oppgitt i tidevasstabellane. På kartverket sine nettsider blir det vist ein prognose kor vasstanden kan komme opp i over 190 cm før midnatt, skriv Tysvær kommune på sine nettsider.
Det høgaste som har vore observert ved målepunktet i Stavanger er 182 cm.

Ver førebudd

Tysvær kommune ber om at alle følgjer med og sikrar område som kan være utsett.
– Det er viktig å sikre bygninger og løse gjenstander. Det er også viktig å sjekke båtfortøyningar. Vindretninga måndag er i hovudsak vestleg, med varierende styrke, skriv Tysvær kommune.