17. februar kjem Kjell Magne Bondevik til Tysværtunet og biblioteket. Han har med seg dei store spørsmåla.
17. februar kjem Kjell Magne Bondevik til Tysværtunet og biblioteket. Han har med seg dei store spørsmåla.

NYHENDE

– Blir det nokon gong fred i verda?

17. februar kjem Kjell Magne Bondevik til Tysværtunet og biblioteket. Han har med seg dei store spørsmåla.

– Er det vanskeleg å henge med i nyhendesbildet og forstå konfliktar og krig rundt i verda?, spør arrangøren Tysvær Bibliotek.
– Ja, svarer Kjell Magne Bondevik.

Me treff ein travel Bondevik på telefon på Oslosenteret. Den tidlegare statsministeren reiser framleis mykje, og er oppdatert på mange av utfordringane ein har i verda. Og det kjem stadig opp nye.
– Dei spørsmåla eg er blitt utfordra på, og som eg har valt ut er noko eg veit folk er opptatt av. Derfor håper eg at mange finn vegen til arrangementet, slik at me kan få ein fin dialog, og ein mulegheit til å lære noko nytt om fredsbilde. Verdsbildet blir stadig truga pga. konfliktar av ulike slag. Religion og stadige nye autoritære regimer er ei utfordring som må takst på alvor. Oslosenteret sitt arbeid for fred, demokrati og menneskerettar møter stadig utfordringar, og det i heile verda, seier Bondevik.

Godt rykte
Opp i alle denne uroa som er i verda har ein litle Norge. Fredsnasjonen.
– Ja, me har det stempelet, og det er godt å ha i ryggen når me reiser rundt om. Det at me heile tida ser etter gode løysingar og har eit ope sinn, blir lagt merke til. Då har ikkje storleiken på landet, men verdiane våre noko å seie. Å få ein slik tillit bygger ein gjennom godt arbeid over mange år. Eg kjem innpå dette tema også, for å sette fredsarbeid i perspektiv, seier Bondevik.

Fredag
Kvelden i biblioteket har fått tittelen; Blir det nokon gong fred i verda?
– Det er eit svært godt spørsmål og svaret er nok dessverre nei. Endring av konfliktbildet i verda dei siste ti-åra gjer at me har fått ny utfordringar som det skal bli vanskeleg å gjere noko med. Demokratiet er under press. Ytringsfridomen det same. Men samtidig ser me at stadig betre internettdekning skaper nye arena for demokratiske meiningar. Det såg me i Egypt. Facebook samla tusenvis under den «Arabiske våren», og det er nok bare starten på ei ny plattform for å spreie sitt demokratiske bodskap. Så det er mange lyspunkt og håp, meiner Kjell Magne Bondevik.
– Korleis er det å reise rundt i Norge å snakke om dette, kor desse utfordringane er ein sjølvfølge at me har tilgang til?
– Det er eit godt spørsmål. Å ha det så fritt som me har det i Norge har også sine baksider, og me ser at stadig fleire misbruker denne fridomen gjennom mobbing, og andre negative innlegg som er eit forsøk på å skape splid. Ein tar også religionskampar og politiske debattar der det ikkje er nokon form for sensur. Det ligg eit alvorleg ansvar på dei som er med i slike debattar. Eg trur at me må vere varsame, seier Bondevik.
Han meiner også at det framleis er eit engasjement i Norge for å vere med på å skape fred i verda.
– Heilt klart. Det merkar eg når eg kjem rundt og treff folk på denne måten. Dei er oppriktige og har sine tankar og meiningar. Ofte er dette tankar eg kan ta med meg vidare, seier Bondevik som også tidlegare har gjesta Tysvær.
– Eg har fleire venner i Tysvær som eg nå gleder meg til å treffe igjen. Kanskje får eg også knytt nokre nye band. Eg håper det både blir ein kveld til ettertanke og undring, men også til optimisme, avsluttar Kjell Magne Bondevik.