Geir Åge Bakkevik er redd at dersom det ikkje blir brukt pengar frå Havbruksfondet på Toftøysundvegen, blir det ikkje gjort noko med vegen. 
Foto: Ingvild R. Myklebust
Geir Åge Bakkevik er redd at dersom det ikkje blir brukt pengar frå Havbruksfondet på Toftøysundvegen, blir det ikkje gjort noko med vegen. Foto: Ingvild R. Myklebust

NYHENDE

Meiner vegstandarden er kritikkverdig

Geir Åge Bakkevik bur i Toftøysundet, heilt i enden av Toftøysundsvegen. Han meiner at vegen ber preg av manglande vedlikehald, og reager på kommunen si sakshandsaming. Både han og Hervik Rør ventar på utbetringsmidlar, lova gjennom Havbruksfondet.

– Om det ikkje blir brukt av havbruksmidlane til vegen, fryktar eg at det ikkje blir gjort noko då vegvedlikehaldsbudsjettet i Tysvær er så lite, seier Bakkevik.
Han bur like ved Toftøy Fjordbruk, Alsaker fjordbruk sine lokale i Toftøysundet. Hit kjem og går mange oppdrettsbåtar, og Geir Åge Bakkevik fortel at det dagleg køyrer både lastebilar, varebilar og servicebilar til Alsaker Fjordbruk.
Den to kilometer lange Toftøysundsvegen, som går frå hovudvegen rundt Liarvåg og ut mot Toftøysundet, er kommunal.
– Det er omlag 20 år sidan vegen blei asfaltert, fortel Geir Åge Bakkevik.
Han fortel også at telehiv og røter har laga mange humpar i vegen, og at det ved store nedbørsmengder renn mykje vatn inn på vegbana. Han meiner at vegen også har stort behov for grøfterens og reinsking av stikkrenner og kvitlinje.

Fekk ikkje svar på brev
I fleire år har Bakkevik og tilsette ved Alsaker fjordbruk i Toftøysund prøvd å få kommunen til å utbetre vegen.
I følgje Bakkevik har kommunen lova utbetringar fleire gonger, men ingenting har skjedd. Då kommunen fekk 15 millionar kroner frå Havbruksfondet, som skal nyttast til utbetringa av infrastrukturen i havbrukskommunar, synst Bakkevik det var på sin plass at nokre av desse midlane blei brukt til å betre Toftøysundsvegen.
I oktober 2019 skreiv Geir Åge Bakkevik eit brev til Tysvær kommune, der han påpeika manglane ved Toftøysundsvegen. Han skreiv mellom anna i brevet at det då nyleg blei godkjent ein reguleringsplan med 75 båtplassar og seks hytter i området, og at det også blei sendt ut ein ny reguleringsplan på høyring med planar om 46 nye hytter i området rundt Toftøysundsvegen.
– Til nå har kommunen antyda at krysset Liarvågsvegen og Toftøysundsvegen truleg må utbetrast om desse planane blir realiserte. Dette vil auke trafikken betydeleg, og vegstandarden vil ikkje akkurat bli betre av det. Tidlegare har kommunen sagt at kostnadane ved utbetring blir for stor i forhold til trafikkmengda. Standarden på vegen er like dårleg om trafikken er stor eller liten, skreiv Geir Åge Bakkevik i brevet til kommunen i haust.
I brevet påpeika han også at frå hausten 2020 skal skulebussen begynne å køyre på denne vegen.
I brevet inviterte Bakekvik teknisk utval til ei synfaring av Toftøysundsvegen, og la til at dei også kunne få til eit besøk på Toftøy Fjordbruk som har mange arbeidsplassar.
Brevet fekk han aldri noko svar på, noko Bakkevik synst er kritikkverdig.

– Skuffa
Etter kommunstyremøtet tysdag kveld er Bakkevik skuffa, men ikkje overraska over at det ser ut til at midlar til Toftøysundsvegen lar vente på seg.
– Slik eg forstod det skal ein ikkje bruke havbruksfondmidlane til Toftøysundvegen, men at den blir flytta over til vedlikehald. Kanskje blir det gjort noko i 2021. Eg synst det var lite overraskande, men skuffande. Her hadde ein jo århundrets sjanse med dei havbruksmidlane, seier Bakkevik då me prata med han onsdag denne veka.

Høgre stilte kommunestyret spørsmål om kvifor det framleis ikkje er gjort noko med vegane til Hervikneset og Toftøysund, som det blei vedtatt å bruke midlar frå Havbruksfondet til i budsjettet for 2019.

Til orientering: Denne saka her skulle ha vore med i papirutgåva, men kom ikkje med på grunn av ein feil.

I budsjettvedtaket for 2019, som blei vedtatt i desember 2018, blei rådmannen bedt om å fremje sak om bruk av Havbruksfondet til ekstra vegvedlikehald/utbetring på kommunale vegar til næringsbedrifter. «Rådmannen bes særskilt vurdere tiltak på veg til Toftøysund og kommunal veg i Hervik ved Hervik Rør», heitte det i forslaget frå Høgre, AP, Krf, Sp og Venstre, som også hadde støtte frå FrP. Bestillinga blei vedtatt i budsjettvedtaket for 2019.
I kommunestyret denne veka stilte dei spørsmål rundt framgangen i saka.

Meiner det går for tregt
I interpellasjonen, som er eit spørsmål til kommunestyret, skriv Ola Apleland (H) mellom anna at det etter budsjettvedtaket i 2018 har blitt sendt fleire e-postar mellom Hervik Rør AS ved Geir Bjørnar Hervik og mellom anna Apeland og ordføraren.
I spørsmålet til kommunestyret har Apeland lagt ved utdrag frå korrespondansen. Hervik har sendt e-post til Apeland der han ønskjer å høyre korleis det går med vegprosjektet, både 8. mars 2019, 25. april same år, der Apeland ved begge høve svarer at han fleire gonger har hatt det oppe som tema, og at han skal ta saka opp i kommande formannskapsmøte, og seier at han syns prosessen går alt for tregt.
26. april svarte ordføraren Hervik Rør, der han forsikrar om ta det ikkje er snakk, men at det skjer handling. Han opplyser mellom anna at Hervikvegen og tiltaket som er tatt inn i budsjettet er under planlegging, og då låg til vurdering hos teknisk sjef.
7. mai blei saka tatt opp i formannskapet, og dei var også på synfaring etter møtet. Ifølgje Apeland fekk formannskapet konstatert at absolutt ingenting er gjort med saka, men at det blei skapt forståing om at no skal det takast tak, trass i at dei berørte grunneigarane ikkje så langt var kontakta.
23. januar i år sende Geir Bjørnar Hervik ein ny e-post til kommunen, der han påpeiker at hans synst dei har vore tålmodige, og frustrasjonen og tolmodet er i ferd med å ta slutt.
– Vårt firma har 45 årsjubileum i år, og omsette for 40 millionar i 2019, men usikkerheita er stor kor vidt me kan drive vidare i same målestokk under dagens forhold, dessverre, skreiv han i brevet.

– Når blir det veg?
I spørsmålet til kommunestyret skreiv Ola S. Apeland og Høgre at dei ønsker ei skriftleg utgreiing om kva som er utført i denne saka. Dei ønska også at det blir lagt fram vidare framdrift til kommunestyremøtet.
Ola S. Apeland seier til Tysvær Bygdeblad at han er overraska over at det ikkje har skjedd noko i denne saka, og meiner den ikkje er godt nok følgt opp av administrasjonen. Han påpeiker at det er kommunestyret som bestemmer når det er gjort eit vedtak, og saknar engasjement rundt saka etter vedtaket.
– Me har ikkje sendt denne interpellasjonen for å lage bråk, men for å få gjort noko med saka. Dersom det er å reise spørsmål ved kvart kommunestyremøte som må til for at noko skal skje, kjem me til å gjere det, seier Apeland.
– Synst ordføraren at sakshandsaminga i denne saka er akseptabel? Når blir det veg til Hervikneset og Toftøysund? spurte Apeland kommunestyret.

– Skal henge på
Ola S. Apeland fortel at ordføraren under kommunestyremøtet beklaga at ein ikkje var komme i gang med veg til Hervikneset, men Apeland påpeiker at ein ikkje får ein meter veg med beklagingar.
– Me kjem til å henge på denne saka, og for å vere sikre på at noko blir gjort, kom eg med eit forslag på to punkt som gjekk på at rådmannen skal legge fram sak om veg til Hervikneset og at finansieringa bør vere på plass i juni.
– Eg garanterer at me kjem til å henge på denne saka til vegen er komme i gang. Her handlar det om å gjere det enkelt, og få det gjort. Grunneigarane er ekstremt positive og løysningsorienterte, seier Apeland.
Kva gjeld Toftøysundvegen seier Apeland at dette er ei litt lengre sak som får komme i neste omgang, då dette er snakk om vegforsterking på eksisterande veg, medan det i Hervik er snakk om ny veg.