administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna.
Administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna.

Setter i verk tiltak etter at poliklinisk pasient har fått påvist covid-19

Ein pasient som var inne til poliklinisk time på Haugesund sjukehus har i ettertid fått påvist covid-19.

Helse Fonna set no i gang smitteoppsporing og karantene for aktuelle pasientar og medarbeidarar.
– Pasienten har vore i utlandet, men ikkje i eit land som på tidspunktet han var inne til time sto på Folkehelseinstituttet si liste over område med vedvarande smittespreiing, seier administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna.
Pasienten var frisk då vedkomande var inne til time fredag 6. mars, men utvikla seinare symptom på covid-19. Det blei tatt prøve av vedkomande i kommunen, og det positive resultatet blei formidla til Helse Fonna tysdag kveld.

– Vi kontaktar aktuelle pasientar og medarbeidarar no. Andre treng ikkje å ta kontakt med sjukehuset. Personar som har vore inne på Haugesund sjukehus den siste tida treng generelt ikkje vere meir bekymra for smitte enn andre i samfunnet, seier Klausen.
Helse Fonna har på noverande tidspunkt ingen medarbeidarar med påvist smitte av koronavirus.

Desse tiltaka har Helse Fonna no sett i verk:

· Pasientar som har vore på same stad som pasienten eller i nærkontakt med same helsepersonell på sjukehuset blir no kontakta. Dei vil få ein samtale med råd om kva dei må vere obs på dei neste 14 dagane, samt beskjed om at dei må halde seg i karantene like lenge.

· Medarbeidarar som kan vere smitteberarar får karantene.

· Planlagt behandling for nokre pasientgrupper ved Haugesund sjukehus vil bli utsett i dag for å kunne kartlegge situasjonen betre.