Dette er alvor, folkens

Koronasmitten har festa eit grep om Norge. Me kan ikkje velje det vekk og seie det angår alle andre.

Nå må det ein nasjonal dugnad til for å hindre at me hamnar i det same marerittet som har råka Italia. Talet på smitta stig så raskt at det som var fakta nå onsdag klokka 12.00, ikkje heilt er det same når du les dette. Og tendensane er ikkje gode, om ein ikkje gjer drastiske grep.
Det er fleire som skal ta viktige avgjersler dei neste dagane og vekene. Mange av dei kjem til å vere kontroversielle og svært uvanlege. Nå er det slutt på å velje kva som er best for meg, nå er det kva som er best for fellesskapen.
Difor er det eit sterkt signal når idrettsarrangement og populære konsertar nå bli avlyst. Då er det alvor. Når Folkehelseinstituttet kjem med klare reiseråd og anbefalingar til alle dei av oss som «berre må» ut på tur uansett kva tilstand landet vårt er i, så må ein snarast begynne å lytte til desse.

Ei av dei store utfordringane det nå blir jobba med er skular og barnehagar.
– Kvifor er ikkje dei stengt? Spørsmålet har me i Bygdebladet mottatt fleire gonger berre i føremiddag.
Svaret frå myndigheitene er klart. Å sende alle ungar heim frå barnehage og skular vil føre til at svært mange i viktige samfunnsroller, som helsepersonell, må ta seg fri frå jobb og vere heime med ungane. Dette blir samfunnsnyttig vurdert som meir svekkande for kampen mot Koronaviruset, enn at skulane er opne.
Når det er sagt så er det nå gitt tydelige føringar frå den kommunale smitteverngruppa at det skal innførast strenge hygieniske krav til skulane, til elevane og til dei tilsette. Ein skal også tenkje smart og gjere grep der ein kan. Alle må vere med og hindre smitta, er det som blir sagt igjen og igjen.
Og der er me inne på noko som kan vere ein nøkkel til å avgrense smitta. Vask deg ofte, bruk såpe eller andre midlar som gjer at du blir rein. Ikkje hels fysisk, ikkje oppsøk personar du veit er i risikogruppa. Er du i tvil, så la tvila komme dei andre til gode.

Informasjon er viktig i ein slik epidemi som me nå ser har ramma oss. Tysvær Bygdeblad har tilbode Tysvær kommune våre nettsider for å kunne dele offentleg informasjon. Me ser på det som svært viktig at folk får denne informasjonen, og ikkje fake news som berre er til skade for den situasjonen ein er i. Å spreie rykte, lage sine eigne versjonar og ikkje minst angripe dei som nå jobbar dag og natt for å kontrollere dette, tener ingen.
Kritisk skal ein framleis være, det er me også, men tenk deg om når du kastar stein om dagen. Det kan lett vere at du gjer det i eit glashus.
Tysvær Bygdeblad oppfordrar alle sine abonnentar og andre leserar om å følge dei råda som blir gitt, vere varsame og bli med på kampen mot vidare spreiing av Koronaviruset. Alle kan bidra.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør