Sju medarbeidarar er i samanheng med dette sett i karantene. Helse Fonna set no i verk fleire strenge tiltak ved alle sine sjukehus og lokasjonar.
– Den aktuelle medarbeidaren jobbar til dagleg ved Haugesund sjukehus og har vore i karantene sidan vedkomande fekk symptom. Vi har starta nødvendig smitteoppsporing som har ført til at sju andre medarbeidarar er tatt ut av arbeid og sett i karantene, seier administrerande direktør Olav Klausen.
– Vi har oversikt over pasientane medarbeidaren har vore i kontakt med i den perioden vedkomande har vore smitteførande og følgjer dei tett opp, seier Klausen.