Haugesund sykehus.
Haugesund sykehus.

Første koronasmittet innlagt på sykehuset

Helse Fonna har éin innlagt pasient med påvist smitte av koronavirus. Pasienten er innlagt ved Haugesund sjukehus.

 

Innlagte pasientar med påvist Covid-19-smitte: 1

Medarbeidarar: 121 medarbeidarar i koronarelatert fråvere/karantene.

Av personvernomsyn vil sjukehuset ikkje gi fleire opplysningar om medarbeidarar, pasientar eller pasientar sin helsetilstand.
Helsedirektoratet oppmodar alle landets sjukehus aktivt å informere om at dei har ein pasient innlagt som følgje av covid-19. Dei presiserer at det er viktig å ivareta personvern, slik at vedkomande ikkje kan identifiserast.

Det er eit strengt krav om at identifikasjon ikkje skal vere mogleg, verken direkte eller indirekte, for at kravet til anonymitet skal vere oppfylt.