Rune Larsen og Anne Veddeng skal ha opningskonserten under årets Seniorperler i Tysværtunet. 
Foto: Pressefoto
Rune Larsen og Anne Veddeng skal ha opningskonserten under årets Seniorperler i Tysværtunet. Foto: Pressefoto

Haustens festivalar tar form

Kulturkonsulent og festivalsjef Marit Lothe fortel at planlegginga av både årets bLEST og Seniorperler til hausten er i full sving.

I fjor deltok rett i underkant av 5000 personar på bLEST. I år går litteraturfestivalen av stabelen i slutten av oktober, og vil vare i fire dagar.
– Festivalen vil vere frå torsdag til søndag. Me tenker at ein får ennå meir festivalstemning over færre dagar, seier Lothe som er leiar av bLEST-komiteen.

Ønskjer å nå ut til nye kvart år
Ho fortel at komiteen nå prøver å få til ei ramme rundt festivalen, for så å fylle den opp. Forlaga sender ut informasjon i tida framover, og komiteen vil følgje med på denne for å sjå om noko kan vere aktuelt for haustens bLEST.
– Me har fått ja frå nokre forfattarar, men me vil gjerne plassere dei før me går ut med namna. Men eg kan seie at det blir eit veldig variert og interessant program. Nokre kjem tilbake til bLEST, medan andre er nye, seier Lothe.
Også i år prøver bLEST-komiteen å ha dialog med festivalane SILK – Skudeneshavn Internasjonale Litteratur- og Kulturfestival og Falturiltu, ein nynorsk barnebokfestival som går av stabelen på Stord, når det kjem til «booking» av forfattarar.
Ho er fornøgd med at like i underkant av 5000 personar, som inkluderer barnehagar og skular, deltok på bLEST i fjor, og har ikkje ambisjonar om at festivalen skal vekse i større omfang. Men Lothe trur at det framleis er mange som ikkje har vore på bLEST, som kunne hatt glede av det.
– Me ønskjer å nå ut til nokre nye kvart år, seier ho.
I år er bLEST same helga som Skrekkfest.
– Me må nok ha noko «skrekk» med i bLEST-programmet. Eg trur det kan vere lurt å samkøyre seg, men samstundes har nok Skrekkfest eit eige publikum, seier Lothe.

Busstur og føredrag om arv
Seniorperler, ein festival der målgruppa er seniorar, har også blitt ein fast, kjærkomen tradisjon om hausten i Tysvær. I år varer den frå 26. september til 3. oktober. Her kan ein boltre seg i føredrag, musikk, dans og mat, for å nemne noko.
– Det er viktig å halde på dei faste tinga, men det blir også nokre nye arrangement, seier Marit Lothe, som er festivalkoordinator for Seniorperler.
Mellematkafeen på Stemnestaden og pensjonisttreff i Tysværvåg er mellom anna populære arrangement som også blir å finne i år.
– Nytt av året er mellom anna ein guida busstur til Nedstrand, der ein køyrer innom forskjellige stader på vegen før ein kjem til Nedstrand der eit av måla er Tollbua, fortel Lothe.
I år er det Rune Larsen, som erobra TV-publikum med programmet ”Lollipop” i starten av 90-tallet, og Anne Veddeng som skal ha opningskonserten til Seniorperler.
Veddeng er ein erfaren vokalist. Med fartstid frå mellom anna SKRUK, Gospelcompagniet og ei rekke klassiske kor.
Den internasjonale eldredagen skal også markerast, og det blir halde føredrag om arv, skifte og framtidsfullmakt av advokat Knut Magnus Haavik. Festivalen blir avslutta i god tradisjon i regi av LHL Tysvær og Bokn, med dans og musikk av Good old days frå Sandnes.