Skjermbilde 2020-03-22 kl. 16.50.03

Platemelding

Ny plate: Langt meir enn eit håp

Tysværbuen med base i Oslo har brukt midlane ho fekk i statsstipend og tida sidan sist plate godt.

Ho har vore rundt og besøkt både menneske og trussamfunn. Og det har det blitt spennande musikk av.
Plata startar med eit av dei finaste og beste spora nemleg «Hellig er stien». Solid tekst av Ingvar Hovland, nydeleg spelt og sunge av Molland. Og det er satt ein stemning for heile den ti songar lange plata med ein gong. Det er å skape håp, og å ta vare på kvarandre og jorda. Uansett kva ein trur på, uansett kor ein er.

Molland drar vidare i neste låt som er ein instrumental, slik som ho har laga til tre bygningar, som i kvar sin religion skaper eit håp om fred. Songen om synagogen i Oslo er melodiøs og lettbeint.

Og slik held det fram. Nydeleg song, flott pianostemme og eit solid stykke arbeid på blåseinstrument av Hayden Powell. Heile bandet er med og gir eit uvant, men flott lydbilete.
I alle retningar

Me blir tatt med på musikalske reiser, blir utfordra til å lytte. Ein gløymer av og til å lytte til teksten på grunn av spennande musikk. Så er det omvendt. Sterke tekstar ofte med signaturen Erik Hillestad. Det er mykje på ein gong, men aldri for mykje, aldri klisjeaktig. Molland og bandet held seg på stien, sjølv om den har mange svingar. Det er på ein måte ei musikalsk og lyttande hinderløype.

Av og til flørtar dei med litt jazz, før me sakte men sikkert blir dradd austover musikalsk. Det passar så godt saman tekstane og musikken. Musikarane er tidvis lågmælte, men til fingerspissane dyktige. Me snakkar vellyd og speleglede.
Så er me plutseleg ved platas ende og min personlege favoritt. «Sang om fred» er akkurat så nydeleg og sterk som ei avslutning på ei slik plata skal vere.
Det er musikk mange bør ta seg tid til å lytte til. Det er i alle fall mitt råd.

Alf-Einar Kvalavåg

Ny plate

Terningkast 5

Håpets kappe
Solfrid Molland
Musikarane: Hayden Powell (trompet), Mats Eilertsen (kontrabass), Aziz Kossai
(oud/vokal), Daniel Lazar (fiolin)
Kyrkjeleg Kulturverkstad
Mars 2020