Det er så langt produsert over 30 visir som er levert til Aksdalstunet for vidare distribusjon til dei som skulle trenge det.
Skrivarane er knytt til skaparverkstadane på Frakkagjerd ungdomsskule og Grinde skule og er i utgangspunkt utstyr for å variere undervisninga og gjere den både meir relevant, praktisk og utfordrande. No har IKT rettleiar Lars-Johannes Liknes saman med lærarkollegaene Espen Clausen og Trygve Egge sett skrivarane i gong med å produsera smittevernevisir. «Dette har vore både spanande og utfordrande», fortel dei. «Vi har hatt godt samarbeid med helsevesenet og funne ein modell som vi kan lage på vår type skrivar, samstundes som den tek omsyn til dei krava helsetenesta har». Dei fortel at på same måte som skulen forventar at elevane skal vere problemløysarar og finne forbetringar, har dei måtte utvikla modellen til å vere enkel å produsere, men samstundes funksjonell.
Trioen satsar på å kunne levere eit nytt opplag med visir også over helga.