Denne gjengen gler seg til å treffe lånarane igjen. Barbro Sternhoff, Randi Pedersen, Lillian E. Rushfeldt, Hege Marie Naley Paulsen. 
Foto: Privat
Denne gjengen gler seg til å treffe lånarane igjen. Barbro Sternhoff, Randi Pedersen, Lillian E. Rushfeldt, Hege Marie Naley Paulsen. Foto: Privat

Tysvær bibliotek opnar forsiktig på måndag 

Frå måndag 11. mai får ein igjen høve til å låne og levere bøker inne i Tysvær bibliotek.

 

Biblioteket kan ha 5 personar inne samstundes, i inntil 10 minutt kvar, og dei som kjem må vere friske. Bøker, lydbøker, film og tidsskrifter må helst vere bestilt på førehand. Tenester som aviser, bruk av PC, utskrifter, kopiering og skanning er førebels ikkje tilgjengeleg. 

– Me opnar forsiktig i tråd med kommunen og regjeringa sine råd om smittevern, og står klare i døra med handsprit og informasjon. Me har tatt imot bestillingar og lånt ut fysiske bøker sidan 24. mars, men det blir noko anna å kunne møte lånarane våre inne på biblioteket istadenfor å legge ut bokposar som dei må hente utanfor døra, seier biblioteksjef Lillian E. Rushfeldt.
– Biblioteket er ein viktig møtestad for mange, og tilbodet vårt blir kanskje endå viktigere nå som mange er mykje åleine og avskårne frå ein normal kvardag. Me får stadig meldingar om at folk saknar oss, og det er definitivt gjensidig. Eit bibliotek utan folk er ikkje særleg stas, så nå ser me veldig fram til å treffe lånarane våre igjen, avslutter biblioteksjef Lillian E. Rushfeldt.

Når biblioteket opnar er det kun hovudinngangen mot Aksdal senter som kan brukast.