Naudetatane rykka ut til Hinderåvåg natt til laurdag. Foto: Ingvild R. Myklebust
Naudetatane rykka ut til Hinderåvåg natt til laurdag. Foto: Ingvild R. Myklebust

To til sjukehus etter båtulukke i Hinderåvåg

Politiet fekk melding av brannvesenet like før klokka 03.30 om at ein båt hadde kollidert med ein stake i Hinderåvågen. Dei to menna i 20-åra som var ombord i båten er frakta til høvesvis Stavanger og Haugesund sjukehus.

Den eine av menna har brotskadar i beina, og den andre har diverse smerter i kroppen. Fritidsbåten har store skadar, melder Politiet i Sør-Vest på sin twitterkonto.
Dei opplyser at begge menna vil bli undersøkt med tanke på promille.