Janna Kari Kvinnesland, Nina Sele, og Lars August Jørgensen fekk god hjelp av ungane frå barnehagen i Aksdal, då dei var i Tysværtunet. Fredag kan ein sjå korleis det gjekk på våre nettisider. Framsyninga er nemleg ein del av «BlirBra-festivalen. Filminga tok filmskapar Erlend Bjelland og tilsette ved kulturhuset seg av.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Janna Kari Kvinnesland, Nina Sele, og Lars August Jørgensen fekk god hjelp av ungane frå barnehagen i Aksdal, då dei var i Tysværtunet. Fredag kan ein sjå korleis det gjekk på våre nettisider. Framsyninga er nemleg ein del av «BlirBra-festivalen. Filminga tok filmskapar Erlend Bjelland og tilsette ved kulturhuset seg av. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Fekk god hjelp i farta

Å vere tidsreisande historiefortelarar er ikkje alltid like lett. Då er det godt å ha med seg eit knippe barnehageungar. Eller, kanskje ikkje…

– Det gjekk jo bra og me hadde det kjekt. Å treffe ungar på denne måten er spesielt, fordi dei er så kreative og opne. At me fekk denne sjansen til å vise framsyninga vår, som er avlyst ved teateret i byen, var stas. Så held me det varmt også fram til me kan ha nypremiere på førestillinga vår, seier Nina Sele, Janna Kari Kvinnesland og Lars August Jørgensen.
Dei tre skodespelerane frå Haugesund Teater hadde invitert ein gjeng ungar. Med innspel frå ungane tok dei alle saman med på ei reise i tid og rom. Dei fann rett og slett på historier i farten. Lett? Ikkje heilt.
– Dei var nesten i overkant kreative, men du verden så herlege dei er. Me skulle lage historier på ein valt bokstav, dei gjekk for Q. Sjølvsagt gjorde dei det, ler Jørgensen.
– Og følgde opp med X. Me måtte vere like kreative, men det gjekk jo bra, seier Nina Sele.

Flinke
Og ungane var nøgde. Gjengen frå barnehagen i Aksdal var med gjennom heile førestillinga og vel så det. Oppsettinga blei nemleg filma til «Blirbra-festivalen» og den kan du sjå på Bygdebladet sine nettider i morgon.
– Dei var skikkelig flinke. Det var spennande, og dei var artige og sjå på. Dei hadde kledd seg ut. Så spurte dei oss om me hadde ein favorittbokstav, eller eit dyr me likte. Så laga dei historier om det. Det var skikkeleg kjekt, forklarte smilande ungar på veg ut.
Haugesund Teater var altså invitert med på «Blirbra-festivalen». Men tre tidsreisande historieforteljerar som reiser verda rundt, i fortid, nåtid og framtid. Men å huska tusenvis av historier er ikkje alltid lika enkelt. Då er det betre å bare finne på noko i farten.
– Dette var ei framsyning som me skulle hatt i byen på teateret vårt. Men så kom korona. Me fekk denne sjansen til å spele dette inn, og det skal bli kjekt å sjå korleis det ser ut på film, smiler Janna Kari Kvinnesland.
– Krevjande?
– Både ja og nei. Det er alltid kjekt å jobbe med ungar, men det er uforutsigbart så det held. Ein veit aldri kva dei kjem opp med, og det er vanskeleg å vere førebudd nok på kva dei tenker på. Men eg synst dei var flinke, dei var ivrige og gav absolutt produksjonen noko ekstra. Så det skal dei ha honnør for, seier skodespelaren.

Det er alltid kjekt å jobbe med ungar, men det er uforutsigbart så det held

– Alt
Om dei var krevjande som påfinnarar var dei langt frå like krevjande som kritikarar etterpå.
– Kva synst de var kjekkast då?
– Alt.
– Alt?
– Ja. Så var det stileg at dei filma det, for då kan me sjå det ein gong til. Kanskje det aller beste var når han der (Jørgensen) var sjukebilar. Då lo me godt. Han var skikkeleg artig å sjå på. Ja, og så var han tjuv også.
– Er det kjekt å høyre fortellingar?
– Det er noko av det kjekkaste som finst. Spesielt når dei som fortel har kledd seg ut og er så morosame som desse, forklarte barnehageungane tydeleg nøgde.

Spennande
For skodespelerane Nina Sele, Janna Kari Kvinnesland og Lars August Jørgensen har denne våren sjølvsagt vore spesiell.
– Når ein jobbar med teater, og gleder seg til å komme i gong, så er det sjølvsagt ein nedtur når alt blir avlyst. Nå håper og trur me at ting løyser seg opp, og me kan treffe vårt publikum igjen. Denne turen til Tysværtunet var uansett ein skikkeleg oppkvikkar og motivasjon for oss, til å stå på vidare. Så tusen takk til alle som var med, avsluttar den muntre trioen.
Filmskapar Erlend Bjelland og teknikar Håvard Rasmussen sto for produksjonen, med god hjelp av dei andre tilsette på kulturhuset.
Og resultatet av historier bygd rundt Q og X og mykje anna moro, ser du altså i morgon på Bygdebladet sine nettsider.