– Me håper at me har på plass ei ny løysing etter sommaren, seier dagleg leiar i bygdebladet, Irene Stuhaug.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
– Me håper at me har på plass ei ny løysing etter sommaren, seier dagleg leiar i bygdebladet, Irene Stuhaug. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

I ein kortare periode kjem avisa torsdag eller fredag

Frå 1. juli vil du finne Tysvær Bygdeblad i postkassen torsdag ELLER fredag.

Vårt motto «Aldri ein torsdag utan» er under hardt press etter at den daglige postomberinga til husstandane nå blir redusert til annakvar dag i ein tovekerssyklus frå 1. juli: måndag, onsdag og fredag den eine veka, og tysdag og torsdag den andre veka.
For Tysvær Bygdeblad betyr dette dessverre at våre abonnentar i ein overgangsperiode vil få avisa levert torsdag den eine veka og fredag den andre veka.
– Dette er sjølvsagt noko me beklagar, og me gjer det me kan for å finne gode alternativ for distribusjon, seier dagleg leiar i Tysvær Bygdeblad Irene Stuhaug.
Går utover våre abonnentar
– Nå bruker me mykje ressursar på å finne gode løysningar, og eg er trygg på at våre leserar om kort tid vil få avisa i postkassa på torsdagar som før. Dei som har postboks vil ikkje bli påverka av endringa.
– I dag blir Haugesunds Avis kjørt ut av eit privat selskap. Er det eit alternativ?
– Haugesunds Avis blir distribuert av A-media, og me jobbar med ei løysing der me knyter oss på deira nett. Men her er det ein del utfordringar med distribusjon til enkelte abonnentar som må på plass før me landar ein avtale, seier Stuhaug.