«Kvednabekkjers» og Kjetil Østebøvik sereverer musikkvideoen «Klogger».
Foto: Øystein Simonsen
«Kvednabekkjers» og Kjetil Østebøvik sereverer musikkvideoen «Klogger». Foto: Øystein Simonsen

Tok «klogger» til filmen

The Kvednabekkjers er vekas innslag i Blirbra-festivalen. Og for ein pangopning på haustsesongen det blir.

Det er med spenning og glede at bandet nå tel ned til lanseringa fredag 7. august. Då slepp me nemleg musikkvideoen til songen «Klogger», ein song bandet allereie har hausta mykje skryt for. Ein annleis og dønn ærleg countrysong er det, og på film gjer den seg verkeleg.
– Me hadde eit par songar på lista, men landa på «Klogger» Historia bak og tekstmessig er dette litt utypisk countrysjangeren sin fest og moro. Nå har me hatt fire innspelingsdagar og me er som sikkert mange andre svært spent på korleis sluttresultatet er blitt. Det klippast og redigerast heilt inn til sleppet, seier Wolfgang B. Ognøy.
«Klogger» er songen som mellom anna speglar bassist og vokalist Kjetil Østebøvik sin oppvekst og ikkje minst kjærleik til fottøyet.
Produsent og filmskapar Erlend Bjelland hadde ein idé som me tennte på og det har vore kjekt å bli vegleia av ein så proff person som han. Me har laga litt filmsnuttar før, men dette er opp mange divisjonar. Det å ha ein skikkeleg film på hand når ein skal ut og booke spelejobbar er utruleg viktig. Så takk til kommunen, kulturhuset og bygdebladet for at me fekk denne sjansen. I tillegg håper me sjølvsagt at den fell i smak hos gamle og nye fans. Dei er det heldigvis ein del av etter kvart, seier Ognøy – gitarist og altmoglegmann i bandet.

Regi
Det å spele inn ein musikkvideo er ikkje berre-berre. Då er det godt å få innspel.
– Me hadde eit bilete av korleis dette skulle bli, og så har me utvikla det vidare. Innspelinga har mellom anna skjedd på ein ultralokal bar i Skjoldastraumen, og me har nytta statistar. Me har også hyra inn ein «ung» Kjetil. Så har me sjølvsagt vore med sjølv. For å seie det slik så har me vore eit stykke unna komfortsona. Men det er herleg og det er kjekt når andre har regien. Det å gi av seg sjølv er heilt naturleg for oss i «The Kvednabekkjers». Nå har me for alvor fått smake på det, seier Wolfgang B. Ognøy.
Musikkvideoen kjem som eige innslag. I tillegg er det også laga eit intervju med Ognøy om livet i bandet som akkurat nå er ein trio der også Eirik Nedrebø er fast medlem.

Flytta
Sjølv om Blirbra-festivalen er eit fint plaster på såret i ein vanskeleg tid for artistane så lengtar Ognøy og dei fleste andre artistar om betre tider. Spesielt gjengen frå Tysvær og Bokn.
– Akkurat nå skulle det ha vore fleire strålande festivaljobbar for oss, men det har sjølvsagt blitt avlyst. Heldigvis har me klart å booke oss inn på både Countryfestivalen og Skudefestivalen i 2021. Det er noko å strekke seg etter. Men det er tøft. Nå går me i studio og startar på vårt neste album og håper å kunne komme med ny musikk til jul. Noko positivt må me klare å få ut av dette. Og så håper me at folk klikkar seg inn på «Klogger» deler den og følger oss utover. Som eg har sagt før; me kjem sterkt tilbake. Det lovar me, avsluttar Wolfgang B. Ognøy.

Premieren på «Klogger» skjer på Tysvær Bygdeblad si nettside fredag 7. august klokka 11.30.