Eivind Jul Fiksdal har med seg eit knippe herlege poplåtar til Tysværtunet.
Foto: Hanne Cathrine Fagerland
Eivind Jul Fiksdal har med seg eit knippe herlege poplåtar til Tysværtunet. Foto: Hanne Cathrine Fagerland

Har med seg en overraskelse på scenen:

Lunsjkonsert: Det er heilt gratis, men du må ha billett

Fredag kan me endeleg invitere til ein ny lunsjkonert. På scena i storsalen skal du få høyre nydeleg musikk av Eivind Jul Fiksdal. Men du må skaffe deg gratisbillett før du slepp inn.

VIKTIG INFO ANG LUNSKJKONSERTEN 21.AUGUST: Alle må ha billett (GRATIS) for å komme inn. Skaffes på nett eller på biblioteket.
Trykk her: https://bit.ly/2PxVfOA

Konserten startar som vanleg 11.30

Ta ein koronalunsj med Eivind Jul Fiksdal
For å bruke ei kjend tekstlinje; Det er tøffe tider. Men fredag 21. er det endeleg klart for lunsjkonsert igjen. I storsalen.

Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet kulturhus har endeleg gleda av å ønske velkommen til ein ny lunsjkonsert. Det på koronaviruset sine premisser, men me har strekt oss langt for at du skal få ein flott konsert i eit trygt kulturhus.
– Me tar i bruk storsalen. Der er det plass til 150 personar når me har smitteverntiltak. Det betyr at ein må skaffe seg gratisbillett, på nett, eller i biblioteket før konserten startar. Når det er delt ut 150 billettar er det dessverre fullt. Salen er rigga slik at det skal vere trygt å komme. Me har hatt arrangement der ei stund nå, og ser at desse tiltaka fungerer, seier kulturhusleiar Øystein Simonsen.
Publikum har verkeleg vore sultefora dei siste månadane, og det er kjekt at me då kan hente fram ein skikkeleg musikalsk godbit. Eivind Jul Fiksdal er på mange måtar ein multikunstnar som skaper og framfører musikk i fleire stilartar.

Tilpassa
– Dette er ein konsert eg har kryssa fingrane for at me skulle få til lenge nå. Eg har mellom anna eit samarbeid med fantastiske Karianne Arntzen, og det blir ein del songar frå det prosjektet. Ho har ein del nydelege tekstar som eg har laga musikk til, og målet med denne lunsjen er å skape ei dempa og fin stemning i storsalen. Det blir litt bilder på veggen bak meg og, pluss at eg håper på ei overrasking og to. Me får sjå kva me får til, seier artisten som har hatt fleire songar på lokale hitlister.
I juni slapp han også ein musikkvideo som fekk mykje positiv omtale.
– Alt På Ny, var ein song me laga video (ligg gratis ute på Facebook) til i Byparken i Haugesund. Eg hadde med meg «Blåsemafian» og alt var eigentleg klart for konsertar og sommarjobbar. Men det blei som for alle andre lite av det. Nå har eg litt planar solo, og litt saman med bandet Løvlands allé. Lunsjkonserten i Tysvær blir eit startskot for dette håper eg, for det er ikkje lett å vere superoptimist for bransjen når ein høyrer om dei nye smittetilfella.

Nystemt
I storsalen blir det rigga klart for fredagens konsert, flygelet er nystemt og alle reglar blir følgt opp.
– Kva betyr musikk i ei slik tid Eivind?
– Eg trur det betyr mykje for folk. Me er nå ein gong skapt slik at me vil ut og treffe andre, oppleve ting og ha det kjekt. Nå er mykje av det tatt frå oss, og då trur eg ein slik halvtime som dette gjer oss alle litt godt. Derfor har eg også vore nøye med kva songar eg har plukka ut.
– Høyrte rykte om at du hadde gått på ein «liten smell»…
– Ha, ha. Ja, eg hadde ikkje lest kontrakten nøye nok, og trudde det var ein heil time. Men det skal nok bli mykje bra også på ein halvtime. Får prøve å lure inn litt ekstra på slutten, for eg boblar litt over akkurat nå. Har så mykje bra eg vil spele for folk. Håper det viser igjen, seier Jul Fiksdal.
Ein del drar kanskje kjensel på namnet og har sett han før. På TV, i Appex eller som ein som har med å dukke opp når det til dømes er Filmfestival.
– Det siste prosjektet eg har vore med på var ein kortfilmkonkurranse under Filmfestivalen. Elles driv eg med mykje. Nå er det slik at musikk ofte er det som folk lettast «knagger» kunstnarar på, og det er heilt greitt for meg. Eg har hatt konsertar der eg har hatt mykje effektar med meg, men denne gangen har eg som sagt strippa det ned for at me skal få god følelsen. Så får folk sikre seg ein gratisbillett, møte opp i storsalen og komme med si meining etterpå. Velkommen skal alle vere, dette blir stor stas. Utrolig flott tilbod frå Bygdebladet og «Tunet« å gi folk noko slikt heilt gratis. Det er noko som folk snakkar om og som arrangøren skal ta til seg, avsluttar Eivind Jul Fiksdal.