Denne gjengen vil ha nye medlemmer, og det raskt. Helsesportgruppa i Stegaberg har vore stor i mange år, men nå må ein starte litt frå botn igjen. Frå venstre Catrine Iversen, Marius Gabrielsen, Monica Søvik, Venke Gabrielsen Vihovde, Hanne Torill Scheit og Gunn Johanne Scheit.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Denne gjengen vil ha nye medlemmer, og det raskt. Helsesportgruppa i Stegaberg har vore stor i mange år, men nå må ein starte litt frå botn igjen. Frå venstre Catrine Iversen, Marius Gabrielsen, Venke Gabrielsen Vihovde, Monica Søvik, Hanne Torill Scheit og Gunn Johanne Scheit. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Vil ha fleire i helsesportgruppa: – Plass til mange

Helsesportgruppa til Stegaberg var store og blant dei beste i landet. Så blei det stille. Men nå er det liv i bassenget igjen.

I gamle dagar var helsesportgruppa stor og det var mange aktivitetar. «Legenda» Tor Erland fikk sambygdingar og andre med seg og skapte aktivitet i og rundt bassenget i Tysværtunet.
– Så har det gått litt i bølger. Vi har hatt ein del utøvarar som har satsa og vore med på landsstemner og slikt, men talet på medlemmer og utøvarar har minka kraftig. Men nå, nå er me i gang igjen og vil invitere alle som vil til treningar i symjehallen, seier Monica Søvik og Catrine Iversen.
Tilbodet til dei som har eit eller anna handikap er eit lågterskeltilbod.
– Me går nå ut og fortel at tilbodet er der og at folk som lurer på om dette er noko for dei, for eit familiemedlem, eller personar dei er støttekontakt for, kan kontakte oss. Symjing er ein fin sport på mange måtar, og dei som startar opp får god oppfølging av trenerar. Me veit at det er mange som dessverre sit passive heime og som kunne hatt mykje igjen for å ha vore her og trena med oss. Me har fått to dagar i veka, men ventar med å ta i bruk måndagen til me får med oss fleire på laget, seier dei to Stegaberg-leiarane som er i symjehallen kvar tysdag.

Drift
Helsesportgruppa ligg under Stegaberg IL og er eit viktig bidrag til mangfaldet i klubben. Men på grunn av at det har vore litt «stille» dei siste åra, treng dei også litt nye fjes i styret, og som vakter i symjehallen.
– Me stiller opp for dei som kunne tenkt seg å vere med på dette. Me betaler for kurs til badevakter og me legg til rette for at dette skal vere meiningsfylt både for utøvarane og dei som er med i styret. Målet er å bygge opp ei gruppe som er så sterk at me kan gi dette viktige tilbodet til alle, seier Iversen og Søvik.

– Viktig
Venke Gabrielsen Vihovde er mor til Marius og ei som veit kor viktig dette tilbodet er.
– Det er viktig med tanke på å få symjetrening og eit sportsleg tilbod for alle typar menneske. Det sosiale i klubben er fantastisk og me finn på mykje kjekt saman. Dessverre er det, som det blir sagt her, litt for få som er med akkurat nå til at me får eit skikkeleg sosialt og sportsleg miljø. Men me veit at det er mange som kan ha eit stort utbytte av dette, og reknar med at ein «vaknar» når ein les og høyrer om dette nå. I tillegg har mange fått lapp med seg heim om tilbodet, seier Gabrielsen Vihovde.
– Det stemmer at me har vore rundt og delt ut lappar om symjing. Me har vore på Vepro, Uni-K og på Solstein. Der har dei andre tilbod, og me kompletterer dei med symjing i Tysværtunet. Det er viktig for oss å få fram at tilbodet gjeld alle aldersgrupper av personar med ei eller anne funksjonshemming. Dei har ofte få idrettstilbod å velje i. Målet er å skape aktivitet, og ein treng slett ikkje å ha mål om å bli verdas beste. Men me har også slike i klubben i dag og dei er med vidare, seier Catrine Iversen.

Flaggskip

Anne Turid og Gunn Johanne Scheit har vore klubben sine flaggskip i mange år og har henta heim gull både frå internasjonale stemner og nasjonale stemner.
– Kva tenker ein om framtida til helsesportgruppa?
– Me ser utruleg mange mulegheiter og håper at litt merksemd nå vekker til liv både gamle og nye medlemmer. Symjing er kjekt og det er inkluderande. Me trur at dette vil vere eit viktig tilbod i mange år framover. Me treng berre å komme skikkeleg i gang igjen, og det trur me skjer nå. Det er også viktig for den jobben Stegaberg IL gjer, så me har full støtte i klubben, og dei gjer alt dei kan saman med oss nå, for at folk skal få vite om tilbodet. Plutseleg er me ein stor gjeng igjen, seier dei engasjerte leiarane av helsesportgruppa i Stegaberg IL.