Erlend Hjelvik er klar for eit nytt metaleventyr og slepp plata «Welcome to Hel» om ei veke. Bandet heiter «HJELVIK» og fansen jublar allereie. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Erlend Hjelvik er klar for eit nytt metaleventyr og slepp plata «Welcome to Hel» om ei veke. Bandet heiter «HJELVIK» og fansen jublar allereie. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Erlend Hjelvik gjer comeback: Ventetida er over – tilbake med eit brak

Det var mange som fekk sjokk og det blei fort stille då Erlend Hjelvik forlèt Kvelertak for to år sidan. Nå er han tilbake med eit brak av ei plate.

Det er kanskje den vakraste haustdagen til nå i år der me kjører sørover til Espevik. Fjorden ligg stille og Borgøy er bada i sol. I bilen dundrar brutale gitarriff og ei like brutal stemme i mot oss frå dei tre singlane til bandet HJELVIK ut av høgtalarane. Gud må vite kva som venta oss heime hos Erlend og manager Shelby Hjelvik.
Eit smil og ein liten hund skulle det vise seg. Etter to år- som for fansen har vore ei evigheit, så er Vikedals buen, som nå bur landleg og flott til med utsikt mot Borgøy, klar med eit heilt splitter nytt album.
– Det er både spennande og herleg på ein gong. Dette har eg jobba med lenge, og har vore i Portland i USA og spelt albumet inn sist vår og sommar. Prosessen starta vel rett etter nyttår i 2019 og då brukte eg eit halvår på å lage låtane og teste dei litt ut. Så var det tre-fire veker i studio, før eit nytt halvår med mastring og pirk. Nå er albumet klart, på LP, CD og kanskje på kassett. Metalfansen likar også det formatet, smilar Hjelvik mot oss.
Eg veit ikkje kva me venta oss under eit besøk i ein ekte «rockeheim», men på bordet står eit par bollar med krem, nokre kjeks og god kaffi. Ingen synlege teikn verken til Norrøn mytelogi, daudingskallar eller blod. Hunden skremmer ingen, og det er ingen tung musikk som durar i bakgrunnen.

Herleg
– Det er her eg hentar inspirasjon, og sjølv om musikken kanskje ikkje passar heilt til slike fine dagar som dette, så har Espevik vore perfekt for oss. Kona mi Shelby kjem frå vestkysten av USA og er ein viktig støttespelar i dette prosjektet. Her har me hatt arbeidsro og kunne hente både inspirasjon og hatt tid til å finne musikarar. Og dei har eg funne over heile verda, seier Erlend.
For ein blir raskt på fornamn med vokalisten som har vore med på dei store scenane og spelt saman med dei største banda. Kvelertak var han med og starta, og var ein viktig del av profilen til. Så tok det slutt. Han vrir seg litt og vel konsekvent å kalle dei for det gamle bandet sitt. Nå er det det nye HJELVIK det handlar om.
– Orkar ikkje bruke meir tid på kva som gjekk gale, men dei speler songar eg har vore med og laga, og me har tenkt å ha songar av Kvelartak på vår speleliste. Slik er det berre og slik blir det.
– Store forventningar der ute, kan ein lese på nett…
– Ja, det har komme mykje meldingar etter at eg først fortalte om mine nye planar. Så la eg ut tre singlar frå plata som heiter «Welcome to Hel». Då tok det litt av og eg ser mange allereie skryt av det me har laga. Skulle sjølvsagt brukt dei neste minuttane på å fortelle om alle konsertane eg skulle ha spelt framover, men du veit… koronaviruset har stoppa også våre planer. «Tons of Rock» neste sommar er vel det einaste som står att, som per i dag ikkje er avlyst. Me får sjå. Min «arena» er vel Tyskland, Frankrike, England og USA. Då skjønar ein at det er eit stykke fram til konsertane tar til, sukkar Erlend Hjelvik og drikk kaffi.

Eg vel å kalle meg sjølv ein musikalsk historieforteljar

Image
– Fortel litt om imaget innan blackmetal, og den stilen du og bandet har valt ut nå.
– Eg likar Norrøn mytologi og gamle historier. Eg har snakka med ein del som har dei same interessene og skriv tekstar som handlar om myter. Så prøver me å lage musikk som passar til dei.
– Mykje blod og tøffe tak i videoane dine?
– Ein del, men dette er historier som har eit tøft bakteppe, stort sett da. Eg vel å kalle meg sjølv ein musikalsk historieforteljar. Eg er også glad i å ha ein raud tråd i mine songar, slik at platene skal ha ein historie å fortelje. Likar også andre band som har det.
– Hjelvik?
– Ja, eg er tilbake på basic. Hugsa eg lika at Ozzy Osbourne tok sitt namn då han slutta i Black Sabbath. Eg har mange som har inspirert meg på sin måte. Noko av det som har inspirert mest, er artistar som tør vere seg sjølv.
Det å ha laga seg eit nytt band omtalar han som gøy. Gøy blir det også når kjellaren er ferdig bygd om til øverom og gjengen kan komme og overnatte på feltsenger.
– Dei skal få sove i militære køysenger av stål. Hardt skal det vere, ler kona Shelby, som er innom i stova og passar på at me har det greitt. Det går på amerikansk og norsk. Testplater er komme og det boblar av spenning der me diskuterer konsertar og framtida til musikken.

Kvalitetstempel
– Eg hugsar eg var omlag 15 år då eg begynte med musikk. Det har gått slag i slag og eg har lært det på den harde måten. Eg har fått vere med på dei store scenane, møtt mange kjekke fans og vore med på oppturen Black Metal frå Norge har hatt i heile verda. Det er eit kvalitetstempel å komme frå Norge i denne musikksjangeren. Eg har varme opp for Metallica og Marilyn Manson. Me har fått komme tett på og sett kva som skal til for å lukkast. Med den ballasten i bagen slepp eg plata mi den 21. november. Ikkje slik eg hadde håpa på, men plata skal ut. Til fansen fordi dei fortener det, og fordi eg og bandet er superklar for å satse.
– Med base i rockebyda Espevik.
– Yeahh…

Ny plate

Terningkast 6

HJELVIK
«Welcome to Hel»
Erlend Hjelvik,
Rob Steinway, Remi André Nygård, Alexis Lieu og Kevin Foley
Utgitt nov. 2020
Recorded by Justin Phelps at the Hallowed Halls in Portland, Oregon.
Helmet Fire Records i Norge og Nuclear Blast, internasjonalt