Roger Hemnes er allereie i julestemning. Fredag speler han lunsjkonsert i Tysværtunet.
Foto: Privat
Roger Hemnes er allereie i julestemning. Fredag speler han lunsjkonsert i Tysværtunet. Foto: Privat

Lunsjkonsert, fredag 27.: – Me skal få til litt julestemning

Roger Hemnes er klar for lunsjkonsert i Tysværtunet. Karmøybuen har hatt det travelt, men lovar fin stemning.

Eigentleg skulle Hemnes ha spelt til lunsj for eit par veker sidan, men då var artisten og politimannen opptatt med heilt andre ting.
– Me fekk oss ein «liten ein» og det var litt for tett opp til datoen me hadde planar om. Men det som er fordelen med å få komme nå er at eg kan mikse inn ein del julesongar, og det likar eg godt. Det er noko eige ved dei flotte julesongane me har som tradisjon i Norge. Alle generasjonar kan dei, og det dukkar stadig opp nye flotte songar, som me vil ta med oss i framtida, seier Roger Hemnes.
Det var ikkje berre kona som var svanger i haust. Sjølv slapp han plata «Grace & Love» og kristenpopplata er godt tatt i mot.
– Det har vore travelt, men det likar eg. Dessverre har det naturleg nok vore få konsertar, men denne i Tysværtunet har eg hatt å strekke meg mot lenge nå.

Miks
– Kva får me høyre?
– Eg satsar på ein miks av nokre av dei songane eg har gitt ut, og eit fint knippe julesongar. I storsalen i Tysværtunet med flygel, trur eg verkeleg det blir fint. Så tar eg med meg gitaren min, så ser me kva eg kan bruke den til etter kvart. Litt overraskingar blir det alltid. Må sjekke ut litt kven som er i salen også, smiler Hemnes lurt.
Hemnes som har sin base på Karmøy, er eit kjend namn i songmiljøet der. Han har hatt eigne konsertar, eller vore i bandet for andre. Store konsertar i mellom anna Åkra kyrkje og på diverse bedehus har gitt han både eit stort publikum, men også mulegheiter til å spele inn og gi ut musikk.
– Det merker er på meg sjølv gjer at eg blir kreativ og vil meir og meir. Var også kjekt i sommar då eg fekk spele inn musikkvideo med Tysvær Blandakor. Eg trur dei fleste som driv med musikk rundt her kjenner på seg at dei er Haugalands-artistar, sjølv om alle er glad i heimbygda si, seier Hemnes.

Julemusikk
Roger Hemnes har det travelt både på jobb og i fritida. Men han roar seg stadig meir og meir ned, og nyt livet.
– Veit ikkje om eg skal kalle meg vaksen heilt endå, men eg kjenner at eg har fått ein ny ro over livet likevel. Eg lyttar meir til julemusikk enn før, for eksempel.
– Har ikkje det alltid vore høgt oppe for ein songar?
– Tja, nei, ikkje for meg. Eg kunne sjølvsagt mange songar som liten, men det var vel for ein 10-15 år sidan eg tok tak i det og fekk eit meir lyttande og profesjonelt forhold til denne flotte musikken. Dei siste åra har eg fast hatt julekonsertar ,og i 2017 gav eg til og med ut ein julesong som eg har skrive sjølv. Men eg var nok ikkje den som hadde julesongar øvst på lista mi som liten. Rart det der, seier Hemnes.
Han fortel om flotte julekonsertar med mange spennande gjesteartistar. Og om ein av songane han alltid må ha med.
– «O helga natt» må være med på julekonsertane mine. Så får me sjå korleis det passer i Tysværtunet. Heilt julekonsert er det tross alt ikkje.
– Me må spørje litt om koronaviruset og dei restriksjonane som har komme. Korleis er det å vere Roger Hemnes i desse tider?
– Eg ser at folk blir ekstra glad når eg kjem og speler. Det har som sagt blitt mykje mindre enn vanleg, men gleden, begge vegar, under ein konsert den varmar. I fjor reiste eg rundt og hadde småkonsertar på sjukeheimane i Karmøy og det var kjekt. I år blei det ikkje slik, og det er trist, for denne gruppa publikum treng verkeleg noko å glede seg over. Nå får me håpe at konserten i Tysvær får fram litt av den same gleda. Folk treng rett og slett litt positivt påfyll akkurat nå, seier Roger Hemnes.

Snart jul
Roger Hemnes startar vår juleavslutning med lunsjkonsertane. Espen Eriksen og Gunnar Halle kjem den 18. desember og speler jula inn slik dei har gjort dei siste åra. Det er viktig at publikum hentar ut gratisbillettar til den konserten i forkant.
Tysværtunet har også eit par julegodbitar til å by på. Tenorane med Henrik Hundsnes i spissen kjem, Vidar Johnsen kjem og det blir julekonsert med Førre Musikkorps og Tysvær Brass.
Men aller først ein ekte karmøybu som vil spreie varme i Tysvær. Kan ikkje bli så mykje betre enn det.