Gunn-Marit Lygre - SEKSJONSLEDER - Psykisk helsetjeneste Tysvær kommune
Gunn-Marit Lygre - er på toppen av Krf-lista i Tysvær. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Alle har ei psykisk helse

Gunn-Marit Lygre – SEKSJONSLEDER – Psykisk helsetjeneste Tysvær kommune

Framleis er det nødvendig å minne kvarandre på at vi alle har ei psykisk helse, som vi gjer vel i å kjenne og ta vare på, og at vi ikkje har grunn til å kjenne skuld eller skam for å oppleve psykiske problem. Helsa vår heng saman i ein heilskap; kroppen, tankane, følelsane og åtferda. Vi lever i ein samanheng som påverkar oss, og som vi kan påverke med verdiane og handlingane våre.

Berekraft
Det kan være verdifullt å tenkje gjennom kva som er viktig for meg, og stille spørsmålet til andre – kva er viktig for deg? Eit bærekraftig liv, kva kan det være for meg? Å finne ein balanse i kva som er viktig, ta dei nødvendige avgjerder under dei føresetnader som er til stades og finne ein hjelpsam måte å handtere det på, kanskje. Vi må leve med avgrensingar og belastningar eit heilt liv, nokon meir enn andre.

God helse kan vi hjelpe fram med passe mengder av mat, aktivitet og kvile, og legge til rette for ein meiningsfull kvardag, gleder, fellesskap og god sjølv-avgrensing. Til dømes kan det være grei sjølv-avgrensing å minne seg på tidsbruken sin, og at seier eg ja til noko, seier eg samtidig nei til noko anna, eller å huske at alkohol kan forsterke negative tankar/ kjensler samstundes som det reduserer kontroll, og difor er eg aktsam i bruken av det.

Krisetider
Krisetid har i seg ein dobbelthet, det kan auke vår sårbarhet samstundes som vi kan mobilisere og frigjere nye ressursar.

Mange opplever auke av einsemd og belastningar i denne tida. Tidlegare vonde opplevingar kan ta større plass når det er mange andre vanskelige ting samtidig. Barn og unge tenkjer andre tankar enn vaksne og eldre, fordi tida og livet har gitt ulike opplevingar. Studentar og unge menneske som skal finne seg sjølv, sin stad og si framtid blir påverka på ein annan måte enn vaksne som har sett bu og fellesskap. Barna er prisgitt sine vaksne omsorgspersonar si evne til å takle kvardagen, slik også fleire eldre sjuke er. Uansett skal vi ta kvarandre på alvor.

I ulik grad blir vi blir minna om det djupt menneskelege, tidvis frykt for smerte, sjukdom, død og håplause, og vi kan bli gåande med eksistensielle spørsmål åleine.

Håp
Vi veit at å sette ord på tankar og kjensler er ei kjelde til forståing, håp og vekst. Det er ein god idé å dele ord med ein venn eller trygg person som ein kan finne i lag- og organisasjonar, kyrkja, Frivilligsentralen eller helsetenesta, til dømes.

Fellesskap, natur og kultur veit vi er til god helse i både «fredstid og krisetid». I denne tida når vi ikkje får være så mykje saman, er det ekstra viktig. Vi må finne nye løysingar for å kompensere for tapet. Til dømes ta på varmedressen og være i lag ute under den opne himmelen, der smittevernet er lettare å nå. Søkje gode opplevingar på nye stiar, bokstaveleg tala. Kunst, handtverk og litteratur er andre måtar å finne samanheng og aktivitet i denne tida. Kvar må finne sine måtar. Vi kan hjelpe og inspirere kvarandre til små gleder i kvardagen.

Hjelp til sjølvhjelp
Det er mykje god helse og hjelp å finne i eit berekraftig liv, støtte i nettverk og samfunn.

I helsetenesta er det ulike tilbod når ein har behov for meir målretta psykisk helsehjelp; fastlege, kommunale helsetenester og spesialisthelseteneste. Psykisk helseteneste i kommunen treng ikkje tilvising frå lege, ein kan vende seg direkte eller via Ressurs- og tenestekontoret i kommunen, tilbudet er gratis. Tenesta prioriterer etter helsehjelp behov, og arbeidar etter prinsippet om hjelp til sjølvhjelp og læring i å nytte mestringsverktøy.