Nedstrand barne- og ungdomsteater ble etablert i vår, og fekk akkurat delt ut roller til stykket «For eit fe» før landet stengte ned. Det var mange som ynskja å vera med, og me hadde rundt 20 barn og unge som hadde fått roller. Dessverre måtte heile teaterverksemda leggast på «koronais», men me fekk tatt prosjektet opp igjen nå i haust.
Uheldigvis hadde mange av skodespelerane funne gleda i å ikkje ha særleg med organisert aktivitet på fritida, og me satt igjen med sju stykk. Det førte til at me måtte klø oss litt i hovudet for korleis me skulle klara å få det til. Me klarte å få med eit par til barn, og to vaksne. Noko som gav stor suksess!
Fleire av ungdommane hadde fleire roller og gjennomførte med glans. Laurdag 28. November spelte me for to utselde koronavennlige førestillingar. Noko som gav meirsmak både for dei på scenen og dei bak, og ikkje minst for publikum. Det va både latter og tårer i salen.
Teatergruppa er kome for å bli, og for å sikra at me framleis har teater på Nedstrand om fem år vil må gjer om på konseptet og bytte namn til Nedstrand teater. Det fører til at aldersspekteret blir utvida, og me vonar at me ved vårens oppsetting har enda fleire vaksne med. Å ha vaksne med i teatergruppa gir større sannsyn for at gruppa består og det gir ein enorm effekt på dei unge skodespelarstjernene.
Innsendt av: Nedstrand barne- og ungdomsteater v/Beate Lindgren