Annleisåret har sett oss alle på prøve og vist kor fort lykke og glede kan snues til tragedie. Koronaen har gitt oss mange nye ord og gjort det uvanlege vanleg. Nærkontaktar, kohortar, heimeskule. Tysvær og samfunnet elles er blitt digitale på rekordtid, og fysiske møter er erstatta med digitale og vist oss at det faktisk går.
2020 var året med nedstenging av samfunnet, med fysisk avstand, få nærkontaktar og avlyste sosiale arrangement. Mange har mista arbeidet sitt med dei utfordringane det gir. Gjennom den store felles dugnaden som framleis pågår har me klart å halde smitten i Tysvær nede. Kanskje har me vore både dyktige og heldige, men det er viktig at me held smitteverntrykket oppe inntil flesteparten av oss har teke vaksinen. Takk til dei av våre tilsette som har stått i front for dette viktige arbeidet. Her er det, og blir framleis lagt ned eit formidabelt arbeid. Testsenteret vårt har ikkje teke juleferie, men hatt travle dagar. Flott at så mange testar seg dersom dei har symptom på Covid 19. Det er ein styrke at ein tek dette samfunnsansvaret det er å teste seg og om nødvendig gå i karantene. Alt for å skåne andre.
I neste veke er vaksineringa i gong i Tysvær. Kommunen er godt førebudd og er klare. Omsorgsentraene står først i køen, men kommunen er også klar for å massevaksinere når ein får tilgang på mange vaksinedosar. Eg er klar til å ta vaksinen når det ut på våren er min tur. Eg gler meg til me får kvardagen tilbake og kan leve normalt igjen. Måtte 2021 blir eit godt år for alle. Eit nytt år med nye mulighetar, forventningar og ønsker.
Ordføraren si Nyttårsmottaking vert i år digital og vert sendt på TV Haugaland laurdag 9. januar. Den kan i tillegg sjåast på nettsidene til både Tysvær bygdeblad og Tysvær kommune. Eg kan love flotte musikalske innslag, utdeling av prisar, stipend og nyttårstale. I år har me også mange som får Tysværdiplom. Desse vert delt ut i neste veke.
Eg vil ønskje alle eit Godt Nytt År!
Sigmund Lier, ordførar