Ordfører Sigmund Lier var vertskap for årets nyttårsmottakelse. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Ordfører Sigmund Lier Foto: Alf-Einar Kvalavåg

NYTT NÅ: Ordfører Sigmund Lier sin nyttårstale

Godt Nytt År!For nøyaktig eit år sidan slutta eg av nyttårstalen me å seie at eg var optimistisk for 2020.

Av Sigmund Lier, ordførar Tysvær
Ingen av oss forutså då at heile verden ville bli råka av eit lite virus som har sett oss alle på prøve. Med mange smitta og sjuke der mange land har opplevd store dødstal. På sett og vis har heile landet vore i unntakstilstand, der me i mars i fjor opplevde å måtte stenge ned heile samfunnet. Stengte barnehagar og skular, stengte institusjonar. Der me alle vart isolerte for å bremse og stoppe smittespreiinga. Det har vore ei vanskeleg tid for mange der einsemd har prega kvardagen for mange. Der sosiale aktivitetar har vore sett på vent og der dei naturlege og viktige sosiale møteplassane har uteblitt.Koronakrisa har ført til at mange har blitt permiterte og der mange også har sett at arbeidsplassen har forsvunne. Til bedriftseigarar som har opplevd at livsverket som har vore bygt opp har blitt lagt i grus. Deler av næringslivet har hatt eit vanskeleg år. Også i Tysvær og her på Haugalandet har det vore mange bedrifter som har hatt det ekstra vanskeleg. Enkelte næringar har stansa heilt opp. Men det finnes også dei som har hatt eit veldig solid bedriftsår. Me har vore heldige i Tysvær, og så håpar eg me fortsatt skal vera heldige å kunne halde smitten under kontroll til me har fått gjennomført massevaksinasjon i løpet av vinteren og våren. Takk til alle som har deltatt i denne viktige felles dugnaden.Eg vil rette ei stor takk til helsepersonell for den store og flotte innsatsen som dei har vist. Takk til koronasenter for den ekstra innsatsen som prøvetaking og smittesporing har vist. Eg vil også rette ei stor takk til barnehage – og skulepersonell som har stått i front og vore ekstra eksponerte for smitte. Midt i koronaen tid har frivilligheten stått sterkt. Det er mange som har bidratt kreativt for å sikre møteplassar, digitale treff og telefonar for å halde samholdet. Til dedikerte frivillige som har stått i bresjen for dette. Tusen takk!Mykje vart utsett i fjor. Me lærte at alt går, men måtte lære oss å sjå at planar gjekk i grus eller vart utsett. Konfirmasjonar vart flytta, kyrkjejubileum utsett, Tysværdagen avlyst saman med ein rekke idrettsturneringar, konsertar og andre viktige sosiale begivenhetar som bind oss alle saman. Nå ser me fram til å
ta kvardagen snart tilbake. Sjølv om me i fjor hadde redusert aktivitet, opplevde me likevel opning av ein rekke flott anlegg.Falkeidhallen opna i januar. Med formidabel dugnadsinnsats i god Falkeidånd kunne klubben ta i bruk gode hallfasilitetar.

I januar opna også Haugaland Hestesportarena. Ein enorm dugnadsinnsats med god offentleg støtte sikra at Norges desidert beste arena for hestesport opna på Skeidseid. I sommar opna Frakkagjerd Aktivitetspark, eller Skateparken på Frakkagjerd som flest kallar anlegget. Dette har vore sommaren store slager for både barn, unge og vaksne,og me skyldar ein stor takk til dei som stod bak dette flotte initiativet. I august gjenopna også Frakkagjerd stadion med flotte fasilitetar for friidrett og fotball. På Nedstrand opna nye vegen til Himakånå, ein veg som har fått både negativ og positiv omtale, men som eg er trygg på vil vera svært god alle dei som vil opp på det spektakulære utsiktspunktet. Idretten står sterkt i kommunen med stor bredde og mange frivillige. Skjold idrettslag feira sitt 60-årsjubileum i koronaåret. I Tysvær har me no tre anlegg som ofte er og vil bli arena for store nasjonale idrettsanlegg. Tysvær kano og kajakk er årleg arena for fleire NM. Store nasjonale og internasjonale arrangement er me og vant med at Vektløftarklubben gjennomfører på Tysværtunet. Sist, men ikkje minst har allereie Haugaland hestesportarena vist seg fram som ein flott arena for dei store arrangement. Ved utdeling av Tysværdiplomet har også desse tre klubbane i år fleire som mottek sitt diplom.Frivilligsentralen og Røde kors er gode samarbeidspartnarar, saman med ein rekke organisasjonar som står opp for fellesskapet og for gode tilbod til alle.Mange idrettslag og foreningar og enkeltpersonar gjer ein formidabel innsats for fellesskapet. Mange spør om lov til å klippe kvist og kvast, slå gras langs alle turløypene våre, leikeplassane. Det set me stor pris på. Har du ledig kapasitet til å klippe ned greiner som veks inn i stien eller slå rundt leikeapparat mm. Kommunen har ein stor ressurs i spreke pensjonistar som vil arbeide for fellesskapet. Kommunen må leggje ekstra til rette for dette og samstundes rette ein stor takk til LHL og mange andre frivillige som allereie gjer ein stor innsats på dette området.
Turstien over Helgelandsfjellet har vore nemnd i tidlegare nyttårstalar, og også i år med den store innsatsen med å grussette og gjere stien farbar over våte parti. Imponerande arbeid.2020 har også vore prega av sakene knytt til vindturbinparkane som er under bygging. Kommunestyret har prøvt å få fram oppdaterte konsekvensutgreiingar. Me registrerer alle at me som kommune ikkje nådde fram med våre argument og synspunkt knytt direkte til dei to konkrete vindparkane som er under bygging. Likevel ser me at våre standpunkt og kampen vår har hjelpt andre kommunar i same situasjon som oss. Det har vore lagt ned eit stort arbeid opp mot sentrale myndigheter og dette arbeidet, som me er mange kommunar som har samarbeida om har ført til at Stortinget har flytta alle vindkraftsaker til plan- og bygningslova. Dette har vore viktig for Tysvær kommune. Samstundes har me fått vist fram at det er kommunen som har forureiningsansvaret og at me av den grunn ikkje skal la oss diktere av staten. Dette til tross for at det er nettopp staten gjennom statleg plan som no har ansvaret for å sjå etter at vindparkane i kommunen vert bygt i tråd med konsesjon og MTA. Det må difor søkjast etter forureiningslova, ein skal ikkje kunne kjøpe seg fri frå støykrav og folkehelse- og helsekonsekvensar må utgreiast.Vår innsats har hjulpe andre og ikkje minst påverka den debatten som også førte til eit omforent Storting når vindsaka var oppe. Takk til alle som har deltatt i debatten kring vindkraft – som har kome med sakleg argumentasjon til kommune og Storting for å sikre at me har best mogleg grunnlag for å votere i desse sakene. Takk til alle for godt samarbeid. Takk til Motvind Sørvest for gode faglege innspel til sakene.Kommunen er i omstilling. For å ta ned drifta i kommunen har me måtte legge om og bygt nytt. Investeringane som kommunen gjer og skal gjera må vera framtidsretta og heilskaplege. I løpet av 2021 opnar eit etterlengta dagsenter på Hamrane. Dette vil sikre ein god arbeidsdag for mange som skal ha sitt arbeid der. I tillegg har denne omlegginga, saman med bygging av bufellesskapa tatt ned driftskostnadar.Driftsbygget til teknisk opnar no på nyåret – alt for å sikre ei effektiv drift. Dette er sårt etterlengta og ein stor takk til våre som har sikra god drift under under kummerlege tilhøve i påvente av nybygg.

Budsjettet for 2021 viser at me må halde fram omstillinga i kommunen. Drifta må ned mange millionar og kommunestyret har i sitt budsjettvedtak opna opp for å sjå på strukturendringar. Berre gjennom dette kan me sikre at dei generasjonane som kjem etter oss vil kunne sikrast gode tenester i framtida. 26 av kommunestyret sine 29 representantar har samla seg om budsjettet for 2021. Her ligg det klare forventningar om omstilling og korleis me skal forme morgondagens tenester. Formannskapet har allereie starta arbeidet. Me håpar at skulebruksplan og plan for helse og mestring vil bli landa i løpet av året. Me veit at å halde fram slik som i dag ikkje er eit alternativ. Som eit ledd i skulebruksarbeidet har kommunestyret bestemt å bygge ny ungdomskule på Frakkagjerd. Tysvær slit med demografien i befolkninga. Me er ikkje lenger ein ung kommune, me har for lite barn og om få år vil andelen eldre auke kraftig. Antalet barn som treng barnehage og skule vil åra som kjem til å gå drastisk ned i deler av kommunen. Eg vil oppfordre alle til å ta del i dei debattane som vil kome om omstilling. Men la oss alle sikre at det vert ein god debatt. Det handlar ikkje om ditt og mitt, men vårt! Kommunen må sjåast under ett og mange ulike perspektiv må tas inn i prosessane. Me treng debatten og ønska, tankane og ideane for korleis kommunen skal vera i framtida. Me rullerer samfunnsdelen denne perioden, denne er viktig for oss alle.Korleis vil me ha det i kommunen vår? Korleis skal me rigge tenestene for framtida? Skal strukturen vera slik den er i dag, eller skal me byggje ein annan struktur som er meir berekraftig og framtidsretta?Eg vil oppfordre kommunestyret til å stå samla. Det er ikkje spørsmålet om ein skal omstille – spørsmålet handlar berre om på kva måte det skal gjerast. Me skal sikre at innbyggarane vert høyrt. Tek me jobben no vil me kunne ha kontroll på dette sjølv. Om me ventar og utset – ja då overlet me til andre å gjere nødvendige grep for oss alle.Regionen vår er ein viktig industriregion med høg industrikompetanse. I Tysvær er me heldige å ha heile bredden innan næring. Frå dei små til dei store bedriftene, der eit rikt landbruksliv er ein viktig faktor. I Tysvær står det i tillegg store verdiar med areal med hogstmoden skog. Ordføraren gler seg over at næringsparkane våre veks og at fleire finn at etablering i Tysvær er eit godt alternativ. Stadig fleire får arbeidet sitt i Aksdal næringspark og me gler oss
over at oppdrettsprosjektet i Espevik går framover. Equinor sitt anlegg på Kårstø er eit av flaggskipa på Haugalandet. Her har om lag 1100 personar sitt arbeid. Me er glade for at Gassco satsar vidare på anlegget med enno meir elektrifisering og oppgradering. Me gleder oss også over at meir føde er på veg inn til anlegget og dermed sikrar arbeidsplassane ytterlegare. Ringverknadane for Kårstøanlegget er formidable.Rogfast er no vedtatt starta opp att.

Dette prosjektet vil bety svært mykje for Tysvær og heile Vestlandet. I åra som kjem må kommunen intensivere arbeidet med kva dette vegprosjektet vil bety for kommunen. I tillegg håpar Tysvær på at også Hordfast vert vedtatt. Midt mellom desse store vegprosjekta ligg Haugalandet, med store næringsareal og flotte bumiljø. Dette potensialet må Tysvær vera med på å vinne. Skal me klare å få fleire innbyggarar må me leggje til rette for områder som unge familiar finn interessante. Samstundes må me arbeide aktivt for nye arbeidsplassar. Kommunen følgjer tett dei prosessane som foregår på Haugaland Næringspark og trur mange kjem til å ha arbeidet der i åra som kjem. Norges største regulerte næringspark ligg i Tysvær og me registrerer at stadig fleire legg merke til denne sentralt plasserte industriparken og vurderer å etablere seg. Avslutningsvis vil eg takke for godt samarbeid gjennom året som har vore, både regionalt og kommunalt. Gjennom gode regionale samarbeid løftar me Haugalandet vidare. Gjennom våre interkommunale selskap blir det lagt ned store innsatsar for regionens beste. Takk til kommunestyret for godt politisk samarbeid, takk til rådmannen og alle våre tilsette som kvar dag står på for å sikre oss alle gode tenester. Takk til alle frivillige som stiller opp for andre i den flotte kommunen vår!Eg vil ønskje alle eit godt nytt år!