– Målet er at panelet skal bestå av kvinner og menn i ulike aldersgrupper, som er busett på forskjellige stader i kommunen, seier plansjef John-Fredrik Rognsvaag. 
Arkivfoto: Mona Terjesen
John-Fredrik Rognsvaag. Arkivfoto: Mona Terjesen

Inviterer til innbyggarpanel: – Har du sterke meiningar?

Tysvær kommune er i rivande utvikling, og står framføre fleire store og viktige planar i åra som kjem. Nå jaktar dei på deg.

Det bruker ikkje å gå lang tid når kommunen kjem med ein plan før «folket» kjem med sine tydelege meiningar om slikt arbeid. Det kan virke som synsing, men slike meiningar vil ein nå gjere seg meir nytte av.
– Me registrerer stadig at det kjem gode innspel frå våre innbyggarar i både små og store saker. Dette er noko me tar på alvor, men ikkje alltid klarer å fange opp på best muleg måte. Difor tar me nå dette opp eit nivå og inviterer til det som heiter innbyggarpanel, som blir ein av fleire måtar å delta på framover. Alle innbyggarar i Tysvær kommune kan melde seg inn i panelet. Det einaste som blir kravd er at du har ei e-postadresse, tilgang på ein mobiltelefon, og er over 15 år. Målet er at panelet skal bestå av kvinner og menn i ulike aldersgrupper, som er busett på forskjellige stader i kommunen, seier plansjef John-Fredrik Rognsvaag, og folkehelsekoordinator Ann-Kristin Dahle.

Dialog er viktig
Det å ha ein tett dialog med innbyggarane er noko kommunen set høgt. At ein nå får samla ein del av dei i eit fast panel gjer at ein får ein endå betre dialog.
– Korleis fungerer dette?
– Kontakt med panelet skjer i hovudsak gjennom utsending av e-postundersøkingar. I nokre tilfelle kan det vere aktuelt å kontakte paneldeltakarane per SMS. Ein står fritt til å melde seg ut av panelet når ein sjølv ønsker det, og alle personopplysningar vil då bli sletta, seier Dahle.
– Kva er eigentleg eit innbyggarpanel?
– Eit innbyggarpanel er ei elektronisk samling av innbyggarar som har sagt ja til å delta i utvikling av kommunale tenester og lokalsamfunn. Panelet skal inviterast til å delta i undersøkingar, men det vil også være aktuelt å invitere deler av panelet til å prøve ut nye former for dialog og samskaping. Dette kan for eksempel vere fokusgrupper som utforskar og foreslår løysningar på aktuelle problemstillingar, seier Rognsvaag.

Anonymt
Å bli plukka ut til å vere med i eit slikt panel betyr at ein verkeleg vil ha di meining. Og for at dei som deltek skal «våge» å seie det dei meiner rett frå levra, så er ein sikra anonymitet.
– Tysvær kommune garanterer fortrulegheit i forhold til alle svar eller innspel som kjemmed i utsendte spørjeundersøkingar. I rapportering av resultat blir alle individuelle svar anonymisert. Namn, e-postadresse eller andre opplysningar ein gir blir ikkje utlevert til andre, heller ikkje internt i kommunen. Kven som deltar i panelet er derimot offentlig, og det same gjeld om ein vil delta i mindre gruppearbeid, og prosjekter som kommunen inviterer til.
– Det høyrest ut som om dette blir ei viktig stemme for innbyggarane?
– Heilt opplagt. Dette er eit panel som vil bli brukt på viktige vurderingar knytt opp mot drifta og utviklinga av Tysvær kommune i framtida. Det kan vere innspel frå panelet som er med å påverka vala som blir tatt. I dag er det mange som meiner at det er for langt frå innbyggar til der avgjersler blir tatt. Det vil me gjere noko med. Derfor er mi oppfordring at folk melder seg til panelet og blir ei stemme som kan utgjere ein forskjell, seier folkehelsekoordinator Ann-Kristin Dahle.

Lyttar
For plansjef Rognsvaag vil eit slikt innbyggarpanel kunne nyttast på mange måtar.
– Det er rimeleg godt kjent av me for tida jobbar med fleire store planar i kommunen. Dette er planarbeid som vil gripe inn i innbyggarane sin kvardag i mange år framover. Det gjeld alt frå planar om skule til framtidas utfordringar med helse og omsorg. Me har store planar om næringsliv og bustadutvikling. Akkurat no startar me opp arbeidet med planprogrammet til kommunens samfunnsdel. Me ønsker å legge opp til deltagande prosessar heilt frå starten av, der ein kan få vere med å gje innspel til kva satsingsområder Tysvær bør prioritere framover. På denne måten blir alle som ønsker det tatt med i prosessen heilt frå starten av, og ikkje berre blir spurt når planen er laga og skal ut på høyring. På denne måten ønsker me å bli betre på å vere saman om det som skal skje i Tysvær framover, og vere ein god samskapingskommune, seier han. I slikt arbeid er det viktig for oss å få med tankar og idear frå innbyggarane. Ein tettare dialog har eg stor tru på, og eg er av typen som lyttar. Eg seier ikkje at alt skal bli innbyggarstyrt, men eg vil at meiningane skal få komme klarare fram. Saman kan me kanskje gjere ein endå betre jobb i slikt planarbeid, seier John Fredrik Rognsvaag.

Kafeen
I dag kjem det stadig inn klare meldingar frå innbyggarane. Gjerne over ein kaffikopp på kafeen, eller via e-postar og telefonar til rådhuset.
– Det er vel likt hos oss som i Tysvær Bygdeblad at folk er flinke å tipse. Dei ringer om stort og smått. Men innimellom alt det småe så kjem det innspel som er viktige for oss å fange opp og ta med vidare. Difor vil me denne vinteren og våren prøve å få til fleire kanalar der me slepp til meldingar frå folk. Panelet blir ein viktig plattform, og kanskje me klarer å lage til noko også for dei små sakene og tipsa. Akkurat nå er me i dialog med bygdebladet om korleis me kan samkjøre slike spørsmål som me synest er viktige for folket å sleppe til med, seier Dahle og Rognsvaag. Dei fortel at det i løpet av få veker også kjem opp å gå ein ny digital medverkingsportal for Tysvær, der det vil bli invitert til ulike digitale folkemøter og gjennomført andre typar opplegg der interesserte i alle aldrar kan få seie si meining og delta i debatten om samfunnsutviklinga framover.
– Men først…?
– Ja no inviterer me alle som kan tenke seg å delta i det nye panelet varmt velkomne! Me trur at dette kan bli ein spennande arena for innbyggarane til å få seie si meining, og ikkje minst komme med forslag til dei gode løysingane for Tysvær no og framover, avsluttar John-Fredrik Rognsvaag og Ann-Kristin Dahle.