Elevane har samla inn heile 7022 panteeiningar. Kanskje Henning Aarekol blei både litt overraska og skremt over mengden. foto: Førland Skule
Elevane har samla inn heile 7022 panteeiningar. Kanskje Henning Aarekol blei både litt overraska og skremt over mengden. foto: Førland Skule

– Trur Henning fekk sjokk

Det blei ein minnerik dag for elevane ved Førland skule då flaskene dei har smale inn blei henta.

Av Førland skule:
Elevane har samla inn heile 7022 panteeiningar! I dag kom Henning Aarekol og Team Rynkeby for å hente panten, kor syklister frå Team Rynkeby kom syklande for å hente panten. Utfordringa med å få med seg panten blei for stor, så då blei ein lastebil tilkalla!
Må også nemnast at skulebudsjettet heng i ein tynn tråd etter at me leigde inn profesjonelle ballettdanserar til oppvarmingsinnslag. Tolkninga av Svanesjøen har ein nok sjeldan sett maken til!
Me runda av med ein varm kopp kakao til kvar elev.

Takk for god innsats med innsamlinga, samtlege elevar ved Førland skule! Me bryr oss!