Skjermbilde 2021-02-16 kl. 08.15.04

Under lupa: Det perfekte gitaralbum

Bjørn Berge har eit unikt gitarunivers å boltre seg i. Nå har han klart å samle noko av bredda på plate.

Det er store forventningar når Bjørn Berge presenterer nytt materiale. Multikunstnaren på gitar har gjennom 12 tidlegare album vist at han har full kontroll over det meste av musikk som kan spelast på strenger. Og denne gongen har han tatt nye og litt unike grep. Han vil vise noko av spennet i det han held på med.
Og dermed sit me der med «Heavy Gauge» i handa og lar oss imponere av mangfaldet han har klart å presse inn i dei ni låtane. Tre av dei med band, resten aleine med gitaren, eller gitarane han har funne plass til.
Og det er ingen fare. Her har han rydda plass til typiske røffe Berge-soloar, men også langt meir dempa musikk der han verkeleg kan briljere, både på gitar, men også på vokal.
Berge vil i 2021 stå fram som ein artist som er meir enn eit trampande lokomotiv som riv og slit i strengane. Han seier i vårt intervju at han har stor respekt for sine fans, og at det er viktig for han at dei får sitt. Her får alle sitt, og vel så det.
Han drar rett i gong med ein heftig «The Wrangler man», så typisk Bjørn Berge at ein automatisk rettar seg opp i stolen og verkeleg begynner å leite etter dei store orda. Så kjem «A Matter of Time», som glir over i eit av albumet sine absolutte høgdepunkt, ein slentrande «Bound to Ramble».
Lyden er strålande, effektane og gitaren er perfekt. Men det er også litt som med marsipankake, ein er livredd for at det kan bli for mykje. Men nei då, då serverer han ein lynkjapp «Rip Off» med bandet og flørtar i alle retningar. Han seier sjølv at han likar det meste, frå slepen blues i den ei eine enden, til metall i andre. Vel, her er det eksempler på alt saman i løpet av nokre få minuttar.
Og slik kjører han på til me er ved vegs ende og «Bottle Floats». Om eg skal våge meg på ei signaturlåt med Bjørn Berge i 2021, så vel eg denne. Den riv og slit i deg. Den er så ekte og så vel balansert at det berre er å snu LP-en og starte på nytt. For her må det vere meir å leite etter i soloar og tekstar. Tekstane er skrivne av amerikanske Ellis Del Sol, busett i Haugesund. Songane har Berge skrive sjølv. Det er 100 prosent ekte vare, på alle plan.
Eg har vanskeleg for å finne ut kva som kunne vore gjort betre. Det er berre å finne fram den store terningen, for dette var sterke saker.

Alf-Einar Kvalavåg

Ny plate

Terningkast 6

«Heavy Gauge»
Bjørn Berge
Ni songar
Musikarar: Kjetil Ulland, bass og Kim Christer Hylland, trommer
Innspelt ABC Studio med produsent Kjetil Ulland
Utgitt på Grappa 13.2.20