Me begynner sterkt med Håvard Ersland Trio. Saman med Ersland finn me Stian Andreas Egeland Andersen og Axel Skalstad.
Me begynner sterkt med Håvard Ersland Trio. Saman med Ersland finn me Stian Andreas Egeland Andersen og Axel Skalstad. FOTO: Jan Tore Eriksen

Treng du noko å sjå fram mot?: Lunsjkonsertane tilbake med ein dobbel

Etter ein pause kan me endeleg invitere til lunsjkonsertar igjen. Og me begynner sterkt med Håvard Ersland Trio og Levang.

Håvard Ersland Trio er ein ung pianotrio beståande av tre lyttande og kreative musikarar. Bandleiar og pianist Håvard Ersland kjem frå Imsland i Vindafjord og starta si utdanning på konservatoriet i Stavanger. Som trio vann dei i 2018 «Jazz i sikte» – der juryen trekte fram det unike uttrykket, det tette samspelet og dei spanande komposisjonane – og i fjor vant Ersland sjølv «Equinors Sildajazzpris». Han kvitterte for prisen med ein trio-konsert i bystyresalen i Haugesund under årets Sildajazz, som resulterte i ståande ovasjonar frå publikum.
Slik blir trioen presentert og det er ein topp motivert trio som har takka ja til ein eksklusiv gratiskonsert i Tysværtunet 5. mars.
– Det har ikkje vore lett å vere musikar det siste året og når sjansen byr seg ikkje berre ein, men to gonger i løpet av ei helg så kjenner eg at det gjer godt. Me skal ha konsert i Stavanger dagen etter, men er svært glad for å sleppe til på ein av dei sagnomsuste lunsjkonsertane, seier Håvard Ersland.

Gratis lunsjkonsertar i storsalen 5. og 12. mars. Du må sikre deg gratisbillett på førehand.

Utdanning
Muleg han er Imsland sitt jazzalibi, men både bestefaren og faren var habile musikarar som tente ein glød i han.
– Kan vel ikkje skryte på oss at det er noko tungt jazzmiljø i Imsland, men eg blei såpass inspirert at eg valte musikklinja på Skeisvang, og Tonheim folkehøgskule og jazzlinja der. Så har det berre blitt meir og meir. Og det er gjennom utdaninga at eg har treft på Stian Andreas Egeland Andersen og Axel Skalstad. Dei starta vel i trioen først som vikarar, men er nå fast med. Til nå har det blitt eit par fantastiske konsertar, men ikkje noko plate. Men kven veit, smilar Ersland.
Han byr på pianobasert jazz i fleire stemningar. Både til å sette seg tilbake og nyte, og meir opptempolåtar der ein kan vere litt med.
– Eg synst det er kjekt når folk i salen er med. Eit par av låtane passar til det. Likar godt den stemninga som er på jazzklubbar der ein klappar etter soloar og gir litt lyd frå seg i salen. Me får sjå korleis me taklar publikummet i storsalen i kulturhuset. Stas blir det uansett å få komme.
Det er høg kvalitet på låtmaterialet trioen serverar, og komposisjonane krydrast med lekre detaljar og eit stort musikalsk overskot, samt ein solid porsjon speleglede. Musikarane Ersland har med seg i bandet, som i tillegg til å vere ettertrakta frilansmusikarar, er kjende frå band som Krokofant, Lassen og Baker Hansen, er trass sin unge alder nærmast telepatisk samspelte, heile tida lyttande og søkande, og skapar med det nye og spanande konsertopplevingar på kvar konsert.
– Dette avsnittet er frå ei tilbakemelding. Sterke saker…
– Ja, me har fått gode tilbakemeldingar og eg meiner jo at piano, bass og trommer er det perfekte i ein jazztrio. Me vil at kvar og ein i salen skal få oppleve noko spesielt, og dei må gjerne toke musikken på sin måte. Når me får tilbakemeldingar, så er det ofte litt overraskande kva dei likar best. Men slik er det med denne forma for musikk. Den gir lytterane mange gode opplevingar, seier Håvard Ersland
Etter konserten i Tysværtunet skal trioen altså spele i Stavanger. Kva som så skjer veit ikkje Ersland.
– Me er i same situasjon som alle andre i bransjen. Det er lukka og låst nesten over alt. Eit par konsertar nå og me har kjensla av at me pustar igjen. Det skal gjere godt. Håper mange tysværbuar vil ta turen og høyre jazz frå ein nabo frå Vindafjord. Det blir stas, avsluttar Håvard Ersland.

Levang
Berre ei veke seinare, den 12. mars, kjem Levang tilbake til lunsjkonsertane, med vokalist Øyvind Østebøvik i front. Han var ein av tre som fekk kulturstipend, og vil takke for det med både nye og gamle slagarar frå bandet med base i byen.
Hugs at ein må ta ut billettar på kulturhuset til begge konsertane, sjølv om det er heilt gratis.
På grunn av situasjonen med korona og stopp på dei fleste kulturscenar har lunsjkonsertane fått fleire datoar i år enn tidlegare. Så treng du, eller kjenner du nokon som treng ei scene å sleppe laus på, kan dei kontakte oss.
Lunsjkonsertane er i år fem år, og er eit samarbeid mellom Tysværtunet og Tysvær Bygdeblad.

Øyvind Østebøvik og Jocky Levang i aksjon under lunsjkonserten i januar 2020. Etter det har det vore stilt for bandet og dei fleste andre i bransjen.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg