Sola skin over Voss. Foto: Geir Dybdal
Sola skin over Voss. Foto: Geir Dybdal

Denne gjengen koser seg i bakkane på Voss

Etter eit år med med corona og mange avlyste aktivitetar, var det ein nøgd gjeng frå 8. steg på Tysværvåg barne- og ungdomsskule som reiste på leirskule til Voss. Avreisen var måndag morgon. Me gjekk nokon rundar med tanke på smittevern med leiinga i Tysvær og på Voss, og er trygge på at det vil gå bra. Smittevern blir tatt på alvor.

Til no har sola vist seg fram heile tida og forholda i bakken er supre.

Gjengen på 28 storkosar seg i det flotte anlegget.

Me er som alltid innkvartert på Voss Vandreheim som syt for god mat og godt stell.