Smittesituasjonen på Haugalandet er utfordrande og rådmannen har orientert meg om at det er behov for å innføre lokale forskrifter. Kommunestyret må gi fullmakt til å innføre lokale forskrifter og som orientert om i telefon vil eg kalle inn kommunestyret til møte måndag. Kommuneoverlegen nyttar seg av sin myndighet til å gjere nødvendige grep, gjennom hasteparagraf, for å kunne innføre forskrifta og nedstenging av ulike aktiviteter.
I Haugesund er antal smitta allereie eit høgt tal, også i Tysvær har me smitta.
Eg prøver å legge møtet måndag til tidspunkta for gruppemøta, men kan ikkje garantere at me får dette til. Rådmann og kommuneoverlege vil i møtet også orientere om situasjonen i tillegg til den eine ps saka som skal til behandling.
Politisk sekretæriat vil i morgon torsdag sende ut innkalling på vanleg måte til kommunestyret.
Sigmund Lier, ordførar