– Eg trur dei fleste vil få med seg korleis det går. Eg skal vere flink å melde ifrå, seier Gabija Petrauskaite på plass i Litauen til si livs oppleving på ishockeybana
– Eg trur dei fleste vil få med seg korleis det går. Eg skal vere flink å melde ifrå, seier Gabija Petrauskaite på plass i Litauen til si livs oppleving på ishockeybana.

Heim for å kjempe om OL-plass i ishockey

Gabija Petrauskaite er berre 15 år, men i litauisk ishockey er ho nærast som veteran å rekne.

Gabija har budd i Norge og Tysvær stort sette heile sitt liv. Men ho skil seg litt ut frå dei andre jentene i klassen. Ho er nemleg eit supertalent i ishockey. Suksessen har komme etter knallhardt arbeid, støtte i familien og gode trenerar.
– Eg er blitt topp motivert, akkurat nå er eg i heimlandet vårt Litauen og skal vere med på landslagssamling med seniorlandslaget. Målet er å få ein plass i OL i Beijing om to år. Kvinnehockey i Norge er komme langt når me ser korleis det er her i elles så hockeyglade Litauen. Her har damehockey blitt seriøst dei siste åra, seier Gabija som til dagleg går på Frakkagjerd ungdomsskole.

Trening
Talentet har ho kanskje etter faren som har spelt både i sitt gamle og nye heimland. Han har vore keeper på Haugesund Seagulls, og han har nok også vore med å støtte dottera som speler ving.
– I tillegg til at eg liker å trene har eg vore så heldig å få trene i gode klubbar i Kristiansand, Stavanger og Haugesund. Eg har også vore på talentsamlingar, men då ofte med fleirtal av gutar. At eg stort sett har spelt med gutar har gjort meg robust, teknisk og mykje betre, enn om eg hadde vore i ei lita gruppe med berre jenter. Eg vil satse på dette, og då må ein gi litt av seg sjølv, seier Gabija.
Også på HTG i Haugesund har ungjenta sleppt til, og det går i hockey fire-fem dagar i veka.
– Korleis blir det å reise på landslagssamling?
– Det er spennande for det er mykje som skal på plass både før eg kjem bort, mens eg er der og etter at eg kjem heim igjen. Me skal i tillegg til Island og spele OL-kvalik, så heldigvis skal eg berre spille og trene og ikkje organisere dette. Men eg trur det blir ei stor oppleving for meg. At eg er ung kompenserer eg med at eg har spilt lenge, og har eit godt grunnlag. Så er eg spent på korleis resten av laget er. Hockey er stort i Litauen, dessverre har det tatt lang tid før damene kom skikkeleg i gang. Men nå er me i startgropa og OL hadde jo vore sinnsjukt stilig, smiler 15-åringen (snart…).
I ein månad skal kvinnelandslaget vere samla.

Eg har heldigvis fått lov av skulen å reise


– Eg har heldigvis fått lov av skulen å reise. Lærerane mine Knut og Silje heier i alle fall skikkeleg på meg. Eg har drive med dette i ti år nå og merker at den erfaringa eg har fått, også gjer meg tryggare når eg skal vere borte så lenge. Eg har vore på mange samlingar, som sagt, men aldri så lenge og med eit så stort mål.
– Følger du noko med på ishockey i heimlandet ditt?
– Ja litt, men når noko er såpass nytt som dette landslaget, så blir det litt vanskeleg. Eg og ei som bur i Danmark er dei to einaste som ikkje bur fast i Litauen. Eg er mest opptatt av å trene, spele kampar og ha det kjekt. Alt dette med koronareglar, opphald og så vidare, får dei «vaksne» ta seg av. Så får me vise igjen på isen.
– Kva spiller du?
– Eg er ving når eg er her heime og reknar med at dei vil bruke meg på same måte på samlinga. Men eg er fleksibel og gjer nok det eg får beskjed om for at laget skal bli best muleg.
– Kva seier dei i klassen om at dei har ein landslagsspelar i klasse?
– Trur dei synst det er kjekt. Her er det mest vanleg med fotball og slikt, men alle veit heldigvis kva ishockey er. Det trur eg dei synst er tøft. I tillegg så er det ingen som ler av at jenter driv med tøffe idrettar her i Norge. Det synst eg er veldig bra. Me er tøffe me jentene og, seier Gabija Petrauskaite.

Heiagjeng
Sjølv om det ikkje er lett, sjølv i desse internettider å følge litauisk kvinnehockey så reknar Gabija med ein solid heiagjeng i Norge.
– Eg trur dei fleste vil få med seg korleis det går. Eg skal vere flink å melde ifrå, seier Gabija Petrauskaite på plass i Litauen til si livs oppleving på ishockeybana.