Synnøve Bredal Bjelland, Tysvær mållag
Synnøve Bredal Bjelland, Tysvær mållag

Mållaget: KOMMUNAL SKRIVEBOM!

Tysvær kommune har nyleg fått nye nettsider. På bokmål! Utan offentleg ordskifte og politiske meiningsytringar har rådmannen avgjort at kommunen sin språkprofil og identitet radikalt skal endrast. Det kjem totalt uventa på oss alle.
Sjølvsagt må mållaget på banen! Me har ei tid hatt eit positivt samarbeid med ordførar, politikarar og rådmann om innføring av ein kommunal språkplan. Språk og kommunikasjon er jo sjølve infrastrukturen i samfunnet, og kommunar med respekt for seg sjølv tar dette på alvor. I dag ligg denne saka hos Levekårutvalet som vil be rådmannen om utkast til språkplan. Kommunestyret skal godkjenna denne.

Saka om nettsidene viser jo kor nødvendig ein slik plan er. Her har rådmannen tatt seg til rette og lagt opp til nettsider med bokmålprofil, heilt på tvers av tidlegare praksis. Tysvær har samarbeida med andre kommunar på Haugalandet om nye nettsider og funksjonalitet. Firmaet ACOS har utforma nettsidene, og det er verd å merka seg at nabokommunane våre, Etne, Vindafjord, Bokn, Sveio har bedt om nynorsk infrastruktur. ACOS er kjend for gode nynorskløysingar.
Dette handlar altså ikkje om tekniske problem eller at ulike valalternativ ikkje finst. Dette handlar om haldningar og vilje. Eller rettare sagt mangel på vilje til å ta vare på Tysvær sin eigenart og tradisjonar! Her skil Tysvær seg altså klart ut frå kommunar det er naturleg å samanlikna seg med. Kvifor? Skal me heller orientera oss mot byen?

Tysvær er i statleg samanheng registrert som nynorskkommune og krev nynorsk i skriv frå stat og fylkeskommune. Og sjølv om administrasjonspråket er jamstilt – dvs at interne saksbehandlarar kan nytta begge målformer – betyr ikkje dette at utoverretta kommunikasjon skal vera på bokmål. Tvert om er det viktig å ta vare på Tysvær kommune sin grunnleggjande identitet.

Rådmannen sender her eit signal om urbanisering, sentralisering og einsretting. Nettopp dèt bør politikarane merka seg i ei tid med krav om sentralisering og nedlegging av skular og helseinstitusjonar.
Aldri før har det vore enklare å navigera mellom ulike målformer! I vedtaket frå 2013, då Tysvær kommune etter ein kort prosess og eit knapt fleirtal med Høgre og eit delt Ap i spissen, bestemte seg for å svekka nynorsken sin posisjon, kan ein lesa: «Som ein kommune med sterke nynorsktradisjonar, ønskjer Tysvær kommune å støtte opp om det arbeidet Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) gjer, ved å vidareføre medlemskapen i LNK». Denne medlemsskapen inneber mellom anna spesialtilpassa kurs for kommunalt tilsette. Vidare er det mange digitale hjelpemiddel og til og med eigne program som omset tekst direkte frå bokmål til nynorsk. Apertium er eitt av dei. Det er enkelt og det er gratis. Prøv sjølv.
Tysvær mållag ber rådmannen om å gjenskapa ein nynorsk hovudprofil; det viktige førsteinntykket. Kommunen må nytta den motivasjonen og språkkompetansen som allereie finst i organisasjonen og utvikla denne vidare. Det er verd å merka seg at Arbeidarpartiet på landsmøtet førre helg slo fast at vilkåra for nynorsk skal betrast. Og den nye språklova konkluderer med at at offentlege organ har eit særleg ansvar for å fremja nynorsk som det minst brukte norske skriftspråket . – Me ber om at ordførar og politikarar følgjer dette opp og tar styringa når det gjeld.

Styret i Tysvær mållag
ved Synnøve Bredal Bjelland, leiar