Olav Linga, konsernsjef Haugaland Kraft AS
“Du skal kjøre spettet hardt innunder arrete hverdager og vippe dem opp. En etter en”.
I 2020 fekk me mange «arrete» kvardagar, som skildra av haugesundspoeten Kolbein Falkeid i diktet «Privat huskeregel». Få av oss hadde trudd at koronapandemien skulle bli så langvarig og inngripande. For mange blei Falkeid sin hugseregel viktigare enn nokosinne.
Mykje tyder på at me evna å henta fram spettet. På Haugalandet, i Sunnhordland, Kvinnherad og Indre Ryfylke har folk slått ring om lokalt næringsliv, søkt samarbeid, tenkt nytt, funne digitale løysingar og vore rausare med kvarandre. 2020 illustrerte at dugnadsanda lever i beste velgåande, og at kriser ofte får fram det beste i oss. Ingen kan gjera alt, men alle kan gjera noko. Som eit bidrag til dugnaden valde Haugaland Kraft å gje 30 millionar kroner i «koronarabatt» til sine straum- og fiberkundar. Konsernet gav også kriselån til den regionale flyplassen på Karmøy, som er eit svært viktig transporttilbod for både næringslivet og privatpersonar i regionen vår.
TENKJER FRAMOVER NÅR DET GÅR NEDOVER
Som hjørnesteinsbedrift er det særleg viktig å halda hjula i gang i tunge tider. Hadde me lagt med spettet når samfunnet er i motbakke, hadde mange blitt skadelidande: tilsette, kundar, lokale leverandørar, samarbeidspartnarar og kommunane som eig oss. Me er medvitne ansvaret vårt og jobbar kvar einaste dag for å gje kraft til ein sterk og attraktiv region – også når det stormar som verst.
Eit døme på nysatsingar i 2020 er selskapet Havnekraft, som me etablerte saman med Karmsund Hamn. Selskapet legg til rette for meir berekraftig cruiseturisme på Haugalandet og bidreg til at regionen får eit av dei største landstraumanlegga for cruiseskip i Europa.
På tampen av året gjekk me også saman med Knutsen OAS og Sunnhordland Kraftlag (SKL) om å etablera havvindselskapet Deep Wind Offshore (DWO). Selskapet skal vidareutvikla regionen sin kompetanse innan energi- og offshoremarknaden og bidra til ny og berekraftig kraftproduksjon både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Saman med Lyse i sørfylket gjekk me sterkt inn i Datek, eit norsk teknologiselskap og ein av dei leiande leverandørane av IoT-produkt og løysingar i Norden. Me har trua på at selskapet vil kunne utvikla gode og smarte løysingar som vil koma kundane våre til gode.
MANGE NYE MEDARBEIDARAR I 2020
I løpet av fjoråret tilsette me 38 nye medarbeidarar til faste stillingar, og tok imot drygt 40 lærlingar og praksiskandidatar frå Nav. Å utdanna fagarbeidarar for framtida og bidra til eit inkluderande arbeidsliv er noko av det viktigaste me kan gjera i nedgangstider.
Sist, men ikkje minst, markerte 2020 slutten på ein lengre prosess med å fusjonera inn Fjelberg Kraftlag i Kvinnherad. Samanslåinga vil gje ei rekkje positive ringverknader styrking av forsyningssikkerheita og beredskapen, sikring av arbeidsplassar og betydeleg reduksjon av nettleiga for hushalda i området. Lågare nettleige vil også styrkja konkurranseevna til lokal industri.
I tillegg til geografisk ekspansjon, har Haugaland Kraft-konsernet utvida forretningsverksemda betydeleg dei siste åra. I dag har me fire bein å stå på: produksjon, distribusjon og sal av straum og fiberbreiband. Dette har vore ein tilsikta strategi for å vera meir robuste overfor svingingar i marknaden, noko dei eksepsjonelt låge kraftprisane i 2020 er eit godt døme på. Kraftprisen i vårt prisområde var i snitt 75 prosent lågare enn i 2019, noko som gjekk hardt ut over produksjonsselskapet SKL. Låge kraftprisar er hovudårsaka til eit betydeleg dårlegare årsresultat i 2020, samanlikna med året før. Koronarabatten på 30 millionar kroner til straum- og fiberkundane har også påverka resultatet. Dei andre forretningsområda opplevde vekst og gode resultat.
STOR ETTERSPURNAD ETTER FIBER
I 2020 tok Haugaland Kraft viktige vegval for korleis me skal styrkja innsatsen vår for berekraft. Me sjal i tida framover jobba enda meir målretta med fire spesifikke satsingsområde som er viktige for oss og for omgjevnadene våre. Det handlar om å 1) byggja ein smart region, 2) redusera fotavtrykket vårt, 3) vera ein pådrivar for regionalt samarbeid og 4) dyrka ein trygg og verdiskapande bedriftskultur. Samla vil dette bidra til både økonomisk og sosial verdiskaping i regionen, samstundes som me reduserer belastinga på klimaet og miljøet.
Ein viktig føresetnad for å lukkast med det grøne skiftet er stabil leveringssikkerheit av straum og telekommunikasjon. I 2020 såg me ein kraftig auke i etterspurnaden etter fiberbreiband. Me kopla opp drygt 7500 nye fiberkundar, mellom anna i Hålandsdalen i Suldal, der det var ustabil internettdekning og manglande kommersiell interesse for å byggja ut fiber.
Med innføringa av heimekontor, heimeundervising og ein eksplosjon av digitale møteplassar, klasserom og arrangement, har pandemien på mange måtar understreka fiberen si rolle som samfunnskritisk infrastruktur, på lik linje med straumnettet vårt. Den store pågangen fekk også positive ringverknader i form av auka oppdragsmengd hos lokale elektrofirma, som dermed kunne henta permitterte tilsette tilbake i arbeid.
Pandemi til tross, me sette sjøbein og kom oss overraskande godt ut av unntaksåret 2020. No står me, saman med andre gode krefter i regionen, klare til å vippa opp det som måtte koma av «arrete kvardagar» – også i 2021.