Barnediabetes-teamet ved Haugesund sjukehus får Kvalitetsprisen
– Det er veldig stort for oss som team å få denne prisen. Vi har arbeidd oss sakte oppover og framover ved å endre rutinar og gjort systemendringar som har gitt varige resultat for pasientane. Vi har motiverte medarbeidarar som står på for barn og ungdom med diabetes.
Dette seier Heiko Bratke, som er overlege ved barneavdelinga og leiar av diabetes-teamet ved Haugesund sjukehus. I fleire år har han og teamet arbeidd for ei stadig forbetring og i form av til dels enkle metodar, for å seinke langstidsblodsukkeret, HbA1c, til dei unge pasientane med diabetes.
Les heile saka her: https://helse-fonna.no/nyheiter/barnediabetes-teamet-ved-haugesund-sjukehus-far-kvalitetsprisen