Bjørg Rørtveit har vore på besøk i hagen til Ingrid Marie Dale. Korleis det gjekk kan du sjå på nettet frå fredag av.
Foto: Privat
Bjørg Rørtveit har vore på besøk i hagen til Ingrid Marie Dale. Korleis det gjekk kan du sjå på nettet frå fredag av. Foto: Privat

BlirBra festivalen 2021: Startar opp i ein spennande hage

Fredag er det kickoff på BlirBra festivalen 2021. Då kan du bli med heim til Ingrid Marie Dale sin spennande hage i Vats.

BlirBra festivalen opnar opp årets sendingar med tema hage. Og det er slett ikkje ein dum start på sommaren, som kan bli både lang og annleis i år også.
– I mars, via digital sending, viste Dale oss om dyrking i pallekarm frå «studio» på Tysværtunet. Det blei ein stor suksess. Denne gongen er me heime hos Inger Marie og ser korleis ho sår og dyrkar sine eigne grønsaker, komposterer avfall til god jord og gir gode råd. Dette blir ein spennande start på årets festival, seier Bjørg Rørtveit.
Ho jobbar på biblioteket i Aksdal, og hagebøker er noko folk av og til er innom og hentar.

Dette er bygd opp som eit fjernsynsprogram på 40 minuttar

Informasjonskanal
– Det er populært med hagebøker og hageprogram og interessa for sendinga me hadde frå scenen i storsalen var formidabel for oss. Me tenkte etterpå at me hadde treft noko som tysværbuen og haugalendingane absolutt ville ha. Difor kontakta me Dale med tanke på eit program frå hagen.
– Dette er bygd opp som eit fjernsynsprogram på 40 minuttar. Kva er det med hage som gjer at så mange vil sjå på slike program?
– For det første så har me alle slags hagar. Store eigendomar, småhagar og kanskje berre ein balkong med nokre kassar. Mykje av hagearbeidet kan ein gjere sjølv, og det treng heller ikkje koste all verda. Men det å få tips, sjå løysingar og vere kreativ, det kan vere litt vanskeleg, seier Rørtveit.
For biblioteket handlar dette like mykje om å vere ein informasjonskanal som å vere ein boksentral.
– Heilt rett. Me har hatt ei rekkje med førestillingar og temakveldar inne i biblioteket der me har hatt oppe viktige tema. Folk treng slike stunder der ein i ro og mak kan få tatt til seg informasjon. Så me har stor tru på at mange vil kose seg med hageprogrammet vårt på fredag, seier Rørtveit med eit stort smil.

Mat
I tillegg til at dette er eit hageprogram så handlar det like mykje om å dyrke fram mat.
– Dale er svært flink å fortelje, og ikkje minst vise gode tips om korleis ein lett kan dyrke fram også spiselege planter. Her var det også lite som skulle til for å lukkast. Det å få inspirasjon til å kunne kose seg heime i hagen eller i bedet i disse koronatider, trur eg mange vil sette stor pris på. Dette er 100 prosent folkeleg og enkelt lagt fram, lovar Bjørg Stråtveit.

Festival
Som i fjor kjører me på med ein digitale kulturfestival også denne sommaren. Der skal ein svinge innom kjekke tema som blant anna hage, musikk, litteratur, turtips og kulturvern.
– Det beste er at om det ikkje passar å sjå programmet den dagen det blir lagt ut, så blir den liggande på Bygdebladet si heimeside, Youtube og på blirbra.no slik at du kan sjå den i ettertid. Endeleg er me i gang, avsluttar Bjørg Rørtveit på biblioteket i A
Aksdal.

Programmet blir lagt ut klokka 11.30, mellom anna på Tysvær Bygdeblad sine heimesider og Facebook.