Pål Gåsland Saltvedt, Tor Ivar R. Våge og Rolf Rune Selsaas viser fram ein liten, men stor og viktig nyheit. Ein ladekabel som er så smart at den slår seg av når mobilbatteriet er fullada. Det kan hindre brann.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Pål Gåsland Saltvedt, Tor Ivar R. Våge og Rolf Rune Selsaas viser fram ein liten, men stor og viktig nyheit. Ein ladekabel som er så smart at den slår seg av når mobilbatteriet er fullada. Det kan hindre brann. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Brannsikring, så lett – så vanskeleg

Utslitte mobilbatteri kan starte brann og gjere stor skade. Av og til er det enklaste det beste for å hindre slikt.

Når to relativt unge teknisk interesserte menn sett seg ned og grublar, så kjem det ofte noko godt ut av det. Men ikkje alle klarer å ta det så langt som Pål Gåsland Saltvedt og Tor Ivar Rossebø Våge i verksemda Apias AS. Dei såg at varme utslitte batteri kunne vere ei brannfelle, spørsmålet var om det gjekk ann å gjere noko med det?
– Svaret på det er utvilsamt ja. Det har tatt noko tid, faktisk år, men nå ligg produktet framfor oss, og så langt har det vore ein suksess. Me har grubla og leita oss fram til ein eigenutvikla smartkabel, som veit når mobilen er fullada, og då automatisk kuttar straumen. Den er like trygg som om ein drar ut kontakten frå ladepunktet, seier dei to gründerane.
– Me har alltid blitt åtvara mot å lade om natta og slikt. Er dette løysninga på det?
– Dette er i alle fall eit steg i rett retning. Denne kabelen er så smart at den som sagt kuttar straumen heilt. Det betyr at den beskyttar batteri mot å stå på lading etter at det er fullt. Det slit kraftig på batteriet og reduserer levetida, kanskje med så mykje som eit heilt år, seier Våge.

Utvikla i Norge

Gåsland Saltvedt forklarer enkelt kvifor kabelen er så smart.
– Vår ladekabel er nesten som ein vanleg kabel, bortsett frå ein veldig viktig skilnad. Me hindrar overlading av batteriet. Må innrømme at me er nerdar på batteri, men det har me sett at det faktisk var bruk for. Altfor mange må bytte batteri eller telefon på grunn av øydelagde batteri. Eit typisk mobiltelefonbatteri bruker grafitt (laga av karbon) pakka med litiumioner i den negative elektroden, og ein litium manganoksyd-forbindelse i den positive. Mellom desse to ligg det ein tynn membran som fungerer som ein separator, ei battericelle. Desse cellene pakkast så tett saman og blir rulla, som i ei tradisjonell rullekake. Den siste ingrediensen er ei vassbasert elektrolytløysning som injiserast. Denne inneheld litiumionane. Kanskje ikkje fakta alle treng å vite, men veldig mange er opptatt av dette, smiler Gåsland Saltvedt.

– Kva skjer?
Me kan ikkje la to teknonerdar stoppe her. Me må få vite kva som gjer at det kan ta fyr.
– Kva er det som gjer at det har blitt starta brann frå ein mobiltelefon?
– Når den positive og negative sida av cella kjem i direkte kontakt, vil all energi bli fri samtidig. Dette utløyser ein intens varme, og kan antenne cellene som ligg rundt. Det er denne kjedereaksjonen som fører til brann.
– Burde ikkje mobilprodusentane gjort noko med det i utgangspunktet?
– Produsentane påstår ofte at dei har ein programvare som kontrollerer ladinga, inne i eininga. Det stemmer dessverre bare delvis. Når batteriet er fullt, så er det fullt. Problemet er at batteriet ikkje blir kopla frå straumkjelda, og det står spenning på cellene. Derfor grubla me lenge på korleis me kunne flytte denne koplinga ut av telefonen og inn i kabelen. Det viste seg å vere ei løysning, heldigvis like enkel som den er genial.

Derfor grubla me lenge på korleis me kunne flytte denne koplinga ut av telefonen og inn i kabelen

Lang veg
Frå teiknebordet til ferdig kabel har vegen vore lang og kronglete. Men nå har produktet vore ute ei stund, og stadig fleire, også kjedar og forsikringsselskap, har registret at det er komme på marknaden.
– Me produserer kabelen i Kina som mykja anna teknisk utstyr. Me har designe lademekanismen sjølv og er godt nøgd med sluttproduktet. Me har to alternativ ute for sal, og det er svært viktig at vårt produkt har ein konkurransedyktig pris. Det viser seg at kjøpargruppa ofte ser på pris, sjølv om kabelen dei har er både teipa og dårleg. I tillegg jobbar me vidare med fleire alternative lengder og produkt. Dette er ein prosess som går heile tida, seier dei to, som i dag har lokale på Norheim.

Målsettinga
Der sit også Rolf Rune Selsaas.
– Utruleg kjekt for meg som ein veteran å få komme her og jobbe med så kreative og løysningsorienterte karar som Pål og Tor Ivar. Å vere seljar for eit slikt produkt er noko som eg trivst med og ser store mulegheiter for framover. Når ein veit at det er store selskap som allereie har oss i varelageret, er det berre starten og svært motiverande. Eg skal rundt og marknadsføre dette, ein jobb som må gjerast døgnet rundt, til kjøparar i alle land. Ideen er «made in Norway» og det er eit kvalitetsstempel. Pluss at det er «made in Norheim», det kan vel ikkje bli betre enn det, ler Selsaas.
– Kva seier kjøparane om produktet?
– Dei er mest imponert over at det er så enkelt og genialt komme på. Kanskje nokre tenker at dette kunne dei funne ut sjølv. Vel, så enkelt er det ikkje. Bare spør desse to karane. Dei har brukt nokre dagar, netter og år på dette, og det å skape noko frå idé til ferdig produkt i butikken, er ikkje så lett som det høyrest ut. Utruleg kjekt å sjå kva drivkraft som finnest blant unge gründarar. Dei har fått økonomisk støtte til å komme i gang, og dette er midlar dei har forvalta på ein god måte. Då blir det resultat, seier Selsaas, og smiler til dei to andre som nikkar lurt tilbake.
Dei tre som er Apias AS har ein heilt klar målsetting.
– Klarer me gjennom vårt bidrag å hindre brann, ja då har me lukkast. Klarer me i tillegg å skape arbeidsplasser, ja då har desse kablane verkeleg vore ein suksess. Det har vore ein lang veg å gå, men nå er me her, og nå kan me verkeleg sjå framover, smiler trioen i Apias.