Dag Magne Torland er bekymra for Tysvær Brass og framtida. Dyre instrument, dirigentutgifter og stram økonomi er nøkkelord. Tilskotordningane speler heller ikkje på lag med vaksenkorpset.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Dag Magne Torland er bekymra for Tysvær Brass og framtida. Dyre instrument, dirigentutgifter og stram økonomi er nøkkelord. Tilskotordningane speler heller ikkje på lag med vaksenkorpset. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

– Blåser i oss vaksne

Å drive med korps er dyrt, spesielt for dei vaksne som ikkje får full utteljing på kommunale tilskot.

– Tysvær Brass er kommunen sitt vaksenkorps, det er ein institusjon, samlingsstad og eit a-lag for alle dei unge som vil opp og fram etter at dei er ferdige i skulekorpsa. Men det kostar mykje å halde liv i vaksenkorpset, og med dei tilskota me får frå det offentlege er eg bekymra for framtida. Difor har me ei bøn til politikarane i Tysvær om å finne meir pengar til dei vaksne, seier Dag Magne Torland i Tysvær Brass.
I dag deler kommunen ut omlag 2,5 millionar i tilskott til lag og foreiningar. Det meste stikk naturleg nok idretten av med.
– Det at dei som har flest barn og unge får mest er sjølvsagt heilt rett. Men systemet er slik at me som skal ta imot unge musikantar når dei blir eldre ungdom, eller unge vaksne i 20-årsalderen, ikkje har nok midlar til å vere eit slikt tilbod på sikt, om ein ikkje ser denne utfordringa. At ein kulturkommune som Tysvær ikkje skal ha eit vaksenkorps det rimar ikkje, seier Torland.
– Snakkar me krise allereie?
– Nei, men me ser litt mørkt på det for å seie det slik. Me har utgifter til dirigent, utstyr og leige av lokale som gjer at me er verkeleg på knivseggen økonomisk heile tida.
– Er hovudproblemet at korpset rett og slett ikkje har nok ungdommar?
– Svaret på det er ja, fordi tildelingsordninga ikkje tar omsyn for slike som oss.

Heilt rett
Kultursjef Anders Netland er den som deler ut desse midlane, som lag og foreiningar søkjer om kvart år. Det er kommunestyret som fastsett totalsummen, og alt er lagt inn i ein formel som gir laga midlar etter talet på barn og unge, samt utgifter til daglege leiarar og det ein kan kalle generelle driftstilskot.
– Torland har heilt rett i alt det han seier. Tysvær Brass fekk i år tilskot basert ut frå talet på medlemmer under 19 år, og det var ikkje mange. Dei fekk også litt tilskot basert på prosentrekning til dirigenten, men eg skjønar at det heller ikkje er nok. Så fekk dei 10.000 i prosjektmidlar.
– Korleis kan dei då få eit større stykke av denne kaka med midlar?
– Det enklaste svaret er at dei må lage ein medlemsordning der unge musikantar i andre korps som er på veg opp og inn i vaksenkorpset registrerer seg. Det vil slå ut på direkte støtte til medlemmene, men også i prosentandelen av støtte til dirigenten. Kor lett det er veit eg ikkje, men slik eg vurderer det vil det gi rimeleg stort utslag for akkurat dei, seier Netland.

Vanskeleg
Dag Magne Torland skjønar kva kultursjefen meiner, men ser ikkje at dette er ei løysing som er like lett å gjennomføre.
– Mange av dei dette handlar om er i dag medlemmer av både idrettslag og andre korps som har høge kontingentar. Men me må sjølvsagt sjå korleis me skal løyse dette. Netland har komme med nokre råd me skal ta vidare. Men dette handlar også om Tysvær som kommune ser nytta av eit vaksenkorps som ein del av kulturbilete. Alt er ikkje samanliknbart, og dei veit godt kva me har av utgifter til dyre instrument og dirigent. Eg personleg trur dei som bestemmer må få eit varsel om at det er noko galt for oss vaksne med denne tilskotsordninga, seier Torland.

Bekymra
Tysvær Brass har i mange år vore eit flaggskip for dei unge vaksne og eldre musikantane i kommunen. Mange av dei som speler i korpset har i tillegg tunge og viktige verv i skulekorpsa og i idretten. Torland meiner ein ikkje ser ringverknadane av å true eit viktig miljø som gir store ringverknadar.
– Eg likar ikkje å samanlikne eller vurdere oss opp mot andre lag. Alle treng kvar ei krone dei får. Det me ikkje liker er at ein har sett ein strek på 19 år. Dei over der må på ein måte klare seg mykje meir sjølv. Me har sponsorar og arrangement som sjølvsagt hjelper, men slik det er nå er det svært vanskeleg for oss. Så uansett korleis ein vrir og vender på reglar og pengesekken, vil dette skape ei usikker framtid, ikkje berre for oss men for fleire vaksentilbod i kommunen, seier Dag Magne Torland.
– Eg er einig i mykje av dette og er også bekymra. Min jobb er å fordele dei summane eg har i budsjettet. Så får andre spele inn politisk om dette er for lite, eller om dei skal fordelast på ein annan måte i framtida. Det gjorde eg også klart for Torland, og me hadde ein fin prat. Så eg trur begge partar skjønar kva me har å halde oss til per i dag. Så får me sjå om det er nokon som tar tak i denne spesifikke gruppa, avsluttar Anders Netland.
Tysvær Brass hadde ein nedgang i støtta i år mellom anna fordi nye lag og nye daglege leiarar er komme til. Når alt blir delt etter ein prosentnøkkel vil fleire partar naturlegvis gje mindre til kvar.