Erlend Bjelland og Øystein Simonsen vil lage film om Tysvær, med dine filmsnuttar.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Erlend Bjelland og Øystein Simonsen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

I dag er det Erlend Bjelland sin tur

– Eg har vald ut åtte små kortfilmar og reklamefilmar, og som de vil sjå handlar det jo ein del om å få folk til å smila eller le. Mange syns jo det er kjekt å le og.

Mannen bak filmane i BlirBra-festivalen har denne veka fått fritt spelerom. Han har plukka fram godbitar som har gått sin sigersgong på nett.
– Eg må vel få lov å nemna at fleire av desse filmane har vunne prisar – og Avstand-filmen har over 700 000 visningar på nett. Det er sjølvsagt kjekt og inspirerande når de me lagar blir godt motteke, og det gir motivasjon til å satsa vidare, seier Erlend Bjelland.

Gøy
– Kva tenkjer du om å vere ein del av teamet til BlirBra-festivalen?
– Veldig gøy å jobba med BlirBra-festivalen – mange ulike prosjekt som viser bredden i kultursektoren. Viktig å visa fram det som ikkje alltid er i fokus i dagens mediekvardag med raskt innhald og enkle løysingar.
Og når du ikkje lagar festivalfilmar, kva går dagane med til?
– No held eg på med ein dokumentarfilm om målaren Olav Nygaard, som mellom anna er støtta av Filmkraft. Eit veldig spennande prosjekt som eg har kjempestor tru på.

Klokka 11.00 i dag kan du bli betre kjent med filmane til filmskaparen frå Aksdal.